Hovden på Glipsfjellet (12.11.2016)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point P-plass under Vardahaug (920m)
Distance 8.2km
Vertical meters 400m
Map
Ascents Glipsfjellet (1,314m) 12.11.2016

Det er litt for tidleg for ski, og nesten for seint for fottur i fjellet. Men vi prøver. I dag køyrde eg opp Erdalen i Lærdal, og parkerte ved Vardhaug bru.

Det stod at vegen var stengt på eit skilt 3 km opp i dalen, men bommen var open. Fleire bilar stod parkert lenger oppe. Hjortejakt enno. Eg var litt spent på om det var for mykje snø for Saab Aero med senkesett. Det haldt hardt. Subba nedi dei siste to km, men kom meg til Vardahaug p-plass.

Fint å gå på den merka stien opp til Vardahaug støl. Godt med raudmerker, og det er til god hjelp når ein ikkje ser stien skikkeleg grunna snø. Om lag 10 - 15 cm snø, og greitt å gå. Vurderte å ta med truger, men det var nok litt for lite snø til det. Kjende på kor godt det var å komme ut i den stille og fredelege naturen. Spesielt lys også på denne årstida. På stølen var det å skrive seg inn i turboka til Lærdal turlag.

Vardahaug støl.
Vardahaug støl.

Så var det å halde høgda bortover mot skardet over til Vindedalen. Slik slapp eg opp og ned gange. Eg gikk så opp nokre flæner på vest-sida av fjelltoppen. Det viste seg greitt. Fann eit flatt drag innover, og tok så rett opp på fjellryggen. Heldt så rett fram. Ganske store sva oppå her, og eg måtte gå litt sikksakk for å komme fram. Snart var eg framme ved varden. Litt fotografering. Det tok 2 timar 10 min å gå opp til toppen. Snø gjorde at eg måtte vere noko varsam. Ein vil ikkje kile foten i eit steinhol, men risiko for skader, når ein går aleine i fjellet på denne måten.

Toppen.
Toppen.
Kaldeklettane
Kaldeklettane
Flener på vestsida på returen.
Flener på vestsida på returen.
Erdal, Lærdal, Bliksdal, Oftedal
Erdal, Lærdal, Bliksdal, Oftedal

Eg opplevde det fasinerande å gå ein topptur til fots på denne årstida. Såg over til Bleie-massievet, og ned til fjorden, der ferjene tuffa over mellom Fodnes og Mannheller.

Dette vart nok den siste fotturen på fjellet i år. Og sikkert siste høve til å køyre bil til Vardahaug før våren kjem neste år.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.