Fjellsenden og Midtre Brendeknuten (03.09.2005)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Midtre Brendeknuten (1,133m) 03.09.2005
Fjellsenden (1,101m) 03.09.2005
Visits of other PBEs Melands-Grønahei (847m) 03.09.2005

Kjørte frå Hjelmeland til Kleivaland der det er parkeringsplass. Gjekk derfrå på grusveg eit stykke og så på T-merkt sti til Melands Grønahei turisthytte der eg la i frå meg ryggsekken. Derfra gjekk eg videre nordaustover opp til Fjellsenden. Stien går sør for Fjellsenden så eg forlot stien ca 1,5 km sør for toppen.
På toppen står det ein ca 2 X 2 m og 2,5 m høg varde i hogd stein og det er boks med bok. Denne varden blei vissnok bygd i 1917, og vardebyggarane blei hedra på 85-års jubileeum i august 2002. Utsikten er fantastisk, særlig vestover der man ser ut over havet og nordover til Folgefonna. Det var halvskya ver men litt disig langs horisonten.
Deretter gjekk eg videre nordaustover til Midtre Brendeknuten som er den høgaste toppen i dette området. Her er det mindre utsikt vestover. Gjekk så tibake til Melands Grønahei der eg overnatta. Ein venninnegjeng hadde innlosjert i hytta og hadde full fest denne laurdagskvelden. Det blei dog plass til meg og på ein madrass på hemsen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.