Rauma: Vakkerstølen (21.10.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Tunga (801m)
Endpoint Tunga (801m)
Characteristic Hillwalk
Duration 51h 07min
Distance 45.7km
Vertical meters 2,536m
GPS
Ascents Bjørnegga (1,704m) 21.10.2016
Veslbjørnegga (1,490m) 21.10.2016
Midthøa (1,700m) 22.10.2016
Visits of other PBEs Tunga p-plass (805m) 21.10.2016
Vakkerstøylen (870m) 21.10.2016
Start date 21.10.2016 09:49
(UTC+01:00 DST)
End date 23.10.2016 12:57
(UTC+01:00 DST)
Total Time 51h 07min
Moving Time 13h 47min
Stopped Time 37h 19min
Overall Average 0.9km/h
Moving Average 3.3km/h
Distance 45.7km
Vertical meters 2,536m
Gard kosar seg med Amerikansk gryte laurdagskvelden på Vakkerstølen.
Gard kosar seg med Amerikansk gryte laurdagskvelden på Vakkerstølen.

Møre og Romsdal pf 100 1002/1156
Rauma pf 100 136/161

Hadde ikkje rekna med fleire turar i Rauma i år. Men godveret vil ingen ende ta, og Gard var interessert i ein tur til Vakkerstøylen. Gard er hovudpersonen i den handlingslause miniserien Gard Severin. I tillegg vinnar av årets Skåla opp BMI-klassen. Ein allsidig mann med humør langt over middels.
http://www.fjordingen.no/incoming/2016/08/13/Suveren-klassevinnar-13174567.ece

Kom til Tunga fredag ca 1000 etter tidleg start frå Ålesund. Fulgte den merka ruta til Vakkerstølen. Tørrt og hardt å gå over frosne myrar og bekkar. Konstaterte at det var folketomt i hytta, pakka om sekkane og gjekk mot Bjørnegga. Gjekk nesten fram til vatnet 1284 i Halsholet før vi tok opp mot Veslbjørnegga. Her var det litt snø i den austvende sida, det var ikkje godt å gå i det heile. Vidare nordover til skaret mot Bjørnegga i same elende. Ryggen til Bjørnegga såg fin ut. Den er sørvendt, og her var det ikkje snø. Gard sleit med å finne gleda i dette, i tillegg har han eit meir avslappa forhold til denne toppsamlingsgreia. Vi vart enige om at han skulle returnere og eg gjekk åleine på Bjørnegga. Vi har skild lag før slik på turar før, det fungerer fint for begge. Satte igjen sekken i skaret og peisa på til toppen, returnerte samme vegen. Rekna no med å være ein liten time bak han. Gjekk på sørvestsida av 1284-vatnet i spora til Gard. Her var det forferdeleg å gå i ur og steinete terreng. Den lause nysnøen hadde blese saman i sprekker og holer og dekka allverdes feller. Så snart eg kom forbi vatnet ordna dette seg. Kom omtrent samtidig med Gard tilbake til Vakkerstølen. Her hadde det flytta inn ein kar som hadde fyrt i peisen og sat og kosa seg. Fint for oss.


Etter ei god natts søvn var vi enige om å prøve Midthøa som laurdagstur. Eg hadde og tenkt på Skirifjellet og Skarvskaregga, men med den snøen som låg der var dette uaktuelt. Då hadde vi god tid til å fullføre denne ilag. I dag var det mindre skyer, og vi fekk ein flott tur. Langs søraustsida av Hånådalshaugtjønna var det samme elende med snøen som dagen før. Retur la vi derfor på vestsida, her var det mykje bedre å gå. Litt kald vind på toppen, men flott utsikt i alle retningar. Med unntak av rundt tjønna fulgte vi samme rute tilbake. Her var det igjen fyr i peisen, men ikkje fleire besøkande. Søndag brukte vi til utmarsj og heimreise. Men då er det slutt for i år, heilt sikkert!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.