Til topps i verdas eldste republikk, San Marino! (01.09.2015)

Written by HåkonL (Håkon Lie)

Map
Ascents Monte Titano (739m) 01.09.2015

Sommaren 2015 var eg på tur med min gamle golf rundt i Europa, og på denne turen plukka eg med meg nokre nasjonstoppar rundt om, og den fjerde toppen var San Marinos høgaste fjell, Monte Titano.

Etter nokre dagar på vegen i Tyskland, Sveits og Italia var det no klart for det vesle landet San Marino. San Marino er verdas eldste republikk og ligg som eit land inne i Italia. For nordmenn er kanskje landet mest kjent for å ha tapa 10-0 mot Noreg i fotball. Eg måtte difor ta meg ein tur å sjå på nasjonalarenaen deira, den var ikkje like flott som Ullevaal stadion, men artig å sjå.

 Nasjonalarenaen til San Marino!
Nasjonalarenaen til San Marino!

Når eg kom inn i San Marino var det lett å sjå kor ein skulle, det var berre å køyre mot toppen. Her fann eg ei parkering og byrja å rusle rundt om i dei tre borgene her oppe, flott utsikt over heile San Marino og Italia. Borgene var også veldig artige å sjå, og det er ikkje rart at ingen greidd å ta dei på toppen av dette fjellet. Kor det høgaste punktet ligg er litt vanskeleg å sei, men etter å ha lest fleire rapportar konkluderar dei fleste med at det høgaste punktet ligg i tårn nummer to. Eg var i alle tre tårna for å vere sikker, men kan nok sei meg enig i at tårn to såg ut som det høgaste naturlige punktet.

 På toppen av verdas eldste republikk!
På toppen av verdas eldste republikk!
Her er toppunktet, visa med nokre flotte bein!
Her er toppunktet, visa med nokre flotte bein!
 Flott i San Marino, her utsikt frå tårn 1 mot tårn 2 der høgaste punktet ligg!
Flott i San Marino, her utsikt frå tårn 1 mot tårn 2 der høgaste punktet ligg!

Ellers hadde San Marino og borga her mange suvenirbutikkar å by på, dei hadde til og med "Systembolaget" som er Sveriges svar på Vinmonopolet, så det er mykje rart ein skal sjå. Ellers hadde eg fått ei utfordring av syskjenbornet mitt før avreise, det var å køyre naken gjennom eit land. San Marino tilfredsstilte krava om å vere eit lite land, så eg tok difor sjansen og dundra gjennom landet kun iført Adams drakt! Turen gjekk vidare til Pisa, der dei trengte hjelp til å rette opp eit tårn.

 Systembolaget!
Systembolaget!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.