Rauma: Prosten, Langfjellet, Trollstolen, Blåstolen (11.10.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Moen (130m)
Endpoint Moen (130m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 26min
Distance 23.1km
Vertical meters 2,210m
GPS
Ascents Blåstolen (1,111m) 11.10.2016
Grøntinden (1,179m) 11.10.2016
Kaldtinden (1,114m) 11.10.2016
Langfjellet (989m) 11.10.2016
Prosten (1,263m) 11.10.2016
Stolaksla (953m) 11.10.2016
Trollstolen (1,141m) 11.10.2016

Første dag av eit kort 3-dagersraid i haustferien. Kom til Måndalen måndag kveld og overnatta på Måna camping. Runda over desse toppane er veldig fin. I skoggrensa ca 460 moh ligg det nokre hytter. Her møtte eg trivelege folk som var der på overnattingstur med veslejenta. Flott plass å tilbringe nokre dagar i den solvende sida der. Elles såg eg hverken folk eller fe på turen. Meir info finst under bilda.

Start date 11.10.2016 09:37
(UTC+01:00 DST)
End date 11.10.2016 18:05
(UTC+01:00 DST)
Total Time 8h 28min
Moving Time 7h 09min
Stopped Time 1h 19min
Overall Average 2.6km/h
Moving Average 3.1km/h
Distance 22.4km
Vertical meters 2,320m
Parkering på Moen. Her er det plass til 4-5 bilar, og godt merka vidare til Kaldtinden. Kjøyr gjennom tunet og opp til grinda der det er merka parkering.

Det er lett å finne fram til Kaldtinden. Først langs skogsveg og så over på god sti opp gjennom skogen.

Over skoggrensa ser ein Kaldtinden, Grøntinden og Prosten. Lett å gå oppover her.

Etter Kaldtinden går ruta i den skuggevende sida nord til skaret mot Grøntinden. Her var det godt trakka i snøen så enkelt å finne fram. Ikkje bratt eller stygt på noko vis. Høgste punkt på Kaldtinden heilt til venstre i bildet

Frå Kaldtinden, den første toppen ein kjem til. Her er det kasse og bok. Denne er ikkje høgste punktet. Her mot Måndalen, Åndalsnes og Isfjorden.

Mot Trollstolen og Blåstolen som og var på blokka denne dagen. Fin runde.

Frå Prosten nordover mot Svartevatnet og Langfjellet. Brukte 10 minutt nedover og sjekka. Denne ryggen hadde eg gått på sommarstid, men no var det snø og skuggevendt nedi der. Droppa derfor dette og gjekk tilbake mot Grøntinden eit stykke før eg sleppte meg ned i dalen og runda heile fjellet.

Kjempeflott ved Svartevatnet. Her frå ryggen opp mot Langfjellet.

Frå høgste punktet på Langfjellet 989, nordover mot Molde.

Frå Trollstolen mot den mektige veggen på Blåstolen, dagens siste topp. Satte igjen sekken i skaret og rusla denne opp bratt ur.

Nasa peikar heimover mot bilen etter å ha vært på Blåstolen. Sola har nett gått ned bak Prosten.

Snur meg og ser Blåstolen. Bratt ut opp, men fin å gå. Så gjekk eg vestover og ned i dalen, inn på god sti til Mosætra og vidare til parkeringa på Moen.

User comments

  • -
    avatar

    Voldsomt!

    Written by Freeflex 11.10.2016 21:38

    Haustferierykk nord i fylket?

    • -
      avatar

      Sv: Voldsomt!

      Written by boven 11.10.2016 22:18

      Lite minirykk ja. Eit par dagar til. Satsar på nr 1000 torsdag.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Voldsomt!

        Written by Freeflex 11.10.2016 22:20
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.