Ulstein/Hareid: 3xpf 100m småtjafs (05.10.2016)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Hjørungneshornet (185m) 05.10.2016
Høgåsen på Dimna (240m) 05.10.2016
Røyrafjellet (123m) 05.10.2016

Etter fleire dagar med tur la eg inn ein strategisk kviledag for knea. Ikkje verst å få med seg 3 x pf100m på tre slike småtuer. Flott utsikt var det frå alle tre, sjølv om høgda er beskjeden.

Høgåsen: Køyrde forbi bilverkstaden og opp grusveien til ein port stenger der traktorveg/grussti fortsett. Enkelt å følge veg som går over i svært markant sti til topps.

Røyrafjellet. Nokre hundre meter etter ein tek av hovedvegen er det ei lita parkeringslomme der det er skilta start på sti/svaberg mot toppen. Kjapp lufterunde.

Hjørungneshornet har også merka sti frå vegen oppom parkeringsplassen. Stien følger ryggen til topps.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.