Isane Grand Prix: Dombesteinseggene, Kvasshornet og Kårnyken (25.09.2016)

Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Tourcharakter Jogging
Tourlänge 3h 57min
Entfernung 17,0km
Höhenmeter 1.556m
GPS
Besteigungen Dombesteinseggene aust (1.061m) 25.09.2016
Kvasshornet (1.095m) 25.09.2016
Kårnyken (1.060m) 25.09.2016
Kårnyken Ø1 (1.052m) 25.09.2016
Kårnyken Ø2 (1.041m) 25.09.2016

Kvasshornet og Kårnyken er fjell eg har sett på sidan eg var liten. Kanskje rart at eg ikkje har kome meg på dei før, men det har altså ikkje vore så vanlig i vår familie å gå på fjell både her og der. Noko eg forsøker å rette litt opp i no om dagen då altså.

Sidan vi residerer på Stårheim no i desse fine haustvekene møtte eg berre opp på ferga med joggesko og lett sekk. Ein del vind i dag, og mild austavind gjorde at ferga måtte ta rennfart for å legge til.

Over fjorden leika lyset
Over fjorden leika lyset
Dagens turmål. Advarsel: ingen sveler til salgs på ferga. Ikkje noko anna til salgs heller for den del. Dei berre ser rart på deg om du har på løpetights.
Dagens turmål. Advarsel: ingen sveler til salgs på ferga. Ikkje noko anna til salgs heller for den del. Dei berre ser rart på deg om du har på løpetights.

Eg gjekk deretter rett opp vegane på Isane og fulgte stien som er merka på kartet opp mot Langemyra og Steinkassen. Denne stien er nok ikkje brukt lenger ettersom det er bygd skogsveg opp her. Likevel OK å gå, med fin skog, hjortegroper og utsikt.

Hjortegrop
Hjortegrop
Frå Steinkassen mot Stårheim
Frå Steinkassen mot Stårheim
Eg ser blid ut, men her var det skikkelig sur vind.
Eg ser blid ut, men her var det skikkelig sur vind.

Etter eg passerte sætra vart stien tydeligare opp forbi Steinkassen. Heretter greit å gå oppover til Dombesteinsegga Aust. Her var det svært kraftig kastevind, no frå sørvest, og lite trivelig.

Etter dette raskt bort til Kvassegga, der det var litt mindre vind. Skreiv meg inn i boka her. Siste besøk var medio august. Fantastisk utsikt innover Nordfjorden.

Deretter gjekk eg vest for Småvotna til 956-punktet vest for Kårnyken for å kike litt på den flotte sørveggen ned mot Ålfoten. Virkelig eit spennande område! Fulgte kanten bort til Kårnyken. Her kom sola og vinden løya. Deilig!

Rusla så den fine egga bort til Ø2. Uproblematisk bort her, og veldig flott utsikt. Dette bør ein ha med seg om ein er her oppe!

Krem-motiv
Krem-motiv
Ålfoten. Høgt ned.
Ålfoten. Høgt ned.
Stilig vegg, altså!
Stilig vegg, altså!

Litt fjellfies her før eg jogga ned grasbakkar til Gamlesætra. Her er det bygd skogsveg nesten heilt opp. Sprang vegane nedatt til fergekaia.

Austtoppen, mot store naboar i bakgrunnen.
Austtoppen, mot store naboar i bakgrunnen.
Bremanger, altså! Plogen, saga, keipen, snosen, kjappen, knoten etc etc
Bremanger, altså! Plogen, saga, keipen, snosen, kjappen, knoten etc etc

Eg vil gjette at dette er raskaste vegen til Kårnyken og Kvasshornet. Ein går god veg ganske langt opp (kan vel køyre ganske langt også, vegane er av veldig god kvalitet), og då er ein ikkje langt under skoggrensa. Så greie grasbakkar til topps.

Tilbakeblikk på Kårnyken. Ser fin ut.
Tilbakeblikk på Kårnyken. Ser fin ut.
Isane-ferga er ein spennande stad sjølv om ein ikkje får kjøpt sveler
Isane-ferga er ein spennande stad sjølv om ein ikkje får kjøpt sveler
Startzeitpunkt 25.09.2016 12:16
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 25.09.2016 16:13
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 3h 57min
Zeit in Bewegung 3h 38min
Pausenzeit 0h 18min
Gesamtschnitt 4,3km/h
Bewegungsschnitt 4,7km/h
Entfernung 17,0km
Höhenmeter 1.556m

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Kein Titel

    Geschrieben von ligroenb 28.09.2016 22:45

    Flott runde !! Dette er virkelig flotte fjell med fantastisk utsikt, fjell vi også ser på daglig her inne fra Lotsberget :-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Geschrieben von kobbenes 28.09.2016 23:05

      eg har vel nett oppdaga dette området, så nær det enn er. blir fleire besøk her, forhåpentligvis også med tau etterkvart :-D

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.