Nautgardstinden og 6 til (24.09.2016)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Alpine trip
Distance 27.1km
Vertical meters 1,212m
Map
Ascents Nautgardstinden (2,258m) 24.09.2016 13:35

Helg, og tur over Filefjell og Valdresflya til Randsverk. Vi var spent inn Veodalen i mørknet med ny stor bubil. Det gikk fint, sjølv om det rista godt i vaskebretta. Parkerte på ei naturleg utkøyrsle 20 meter frå vegen mot Storkroken. Ei god natts søvn, og vi vakna til ein vakker soloppgang.

Takk til dette fora, hadde vi førebudd oss med kartspor til ei fin rute som Morten H. hadde nytta. Lett og fint inn Stornautgarden, og opp skardet til venstre for 1773. Lett å finne naturleg trakk i lendet. Fylgde den flotte ryggen rundt Naudgarden til Oksle.

Då vi kom til stupkanten, skardet ved 1900 moh. kom dagens fyrste whaaaooo-oppleving.
Heilt fantastisk å sjå. Bre, stup, morene, botn, brevatn. Utsikt til dal. Og straks kunne vi legge til sol, snø, holke og tåke. Etter ein del fotografering, såg vi skodda kom stigande, og vidare oppover etter knapt 2000 moh. var sikta 30 - 50 meter. Slik held det seg i fire timar. Vi var glad for den sikta vi alt hadde fått.

Vidare mot Nautgarsdoksle var det berre å fylgje kanten. Vidare vart det nødvendig med nøyaktig navigasjon, slik at vi kom oss til skardet opp mot Nautgardstinden. Rundt oksla var det heilt umogeleg å navigere visuelt. Men GPS fungerer bra. Plan var å sjå om vi fann oppgangen, komme oss til topps, og så vurdere retur eller rundtur.


Vi landa på det siste, då vi vurdert å ha nok tid, og nok batteri. Det gikk seinare å gå då det var snø og is frå 1900 moh. Det hadde gått 5 timar då vi nådde turmålet, Nautgardstinden på 2258 moh. Her vart det kun toppbilete ved varden, og så vidare, sidan det blæs litt. Noko vanskeleg å ta seg ned vidare frå toppunktet grunna snø og is. Og nedover mot bandet til Austre, gikk det smått utan sikt og med glatt underlag. Men ingen fare, berre lågt tempo og konsentrasjon. No følgde etappar bortover med fullstendig fokus på GPS. Slik kom vi over Austre Nautgardtinden, Stornubben, og over til Vesl-stornubben, då det endeleg var slutt på tåka for i dag. Vi hadde også ein tåkepause i skaret mellom Austre Nautgardtind og Stornubben. Ei fantastisk flott utsikt nedover Hindflye. Vesl-stornubben var ein fantastisk artig topp grunna den skarpe brunfargen, og kontrastane rundt. Vi må ta med ein vanske til ettertanke. Nedatt frå Stornubben var det mindre bratt, og vi følgde nedover på GPS-kurs mot Vesl-Stornubben. Plutseleg nådde vi ei brè. Den såg hard ut, og litt for bratt på høgre side. Vi følgde mot venstre, der såg det hardare ut, og brea forsvann nedover til venstre. Kva gjer vi no ? Vanskeleg å vurdere, fann ikkje heilt logikken i breas helning. Men rett fram var den ikkje så bratt. Usikkerheita er i å ikkje vete. Kor lang er den ? Kor bratt ? Vurderer vi retninga rett ? I det vi planla, blæs skodda bort, og vi såg at brea var ca. 40 meter i vår retning, ikkje så bratt, og vi var då nede ved skaret mellom Stornubben og Vesl-stornubben. Vi sette ein vandrestav framfor oss i det vi gikk ned. Men det var ikkje eksponert is, men tynt snø, og ikkje glatt. Men ei tankevekkjande erfaring. Viss skodda hadde vore like tett neste halvtime, og det hadde vore hard is på snøbrua/brea, hadde vi gått nedatt næraste rygg mot Stornautgarden.

Då var det dei to siste Auststraste og Austre Stornubben att. Frå siste toppunktet og ned gikk det smått, då underlaget var ustabil ur, og vi byrja bli trøytte. Men dagens oppleving var i det heile fantastisk. Vi nådde bubilen oppi vegen 11 t 55 min etter vi starta dagens etappe. Angra litt på at vi ikkje hadde køyrt ned til Storkroken, då vi passerte turrskodd over Veo.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.