Lom/Luster: Kjerringhetta (10.09.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Sognefjellsveien (1,352m)
Endpoint Sognefjellsveien (1,352m)
Characteristic Hike
Duration 4h 32min
Distance 14.9km
Vertical meters 416m
GPS
Ascents Kjerringhetta (1,436m) 10.09.2016

Peakbooktreff, laurdagstur. Bastolen, Hanna og Steffen vart med på denne. Vi kunne spart oss for 12 km på grusvei dersom vi hadde kjøyrt inn. Eg hadde rekna med veien var stengd sidan det er teikna inn bom på kartet. Dette skjønte vi etter ei stund men då var vi alt godt i gang og veret heilt finfint. Så skal ein no prøve fylle dagen med eitkvart og. Planen var 2 toppar, men den andre som vi hadde tenkt å ta på retur droppa vi sidan veret då var alt anna enn bra. Inne ved demninga var det ein del bilar og fleire lavvoar. Vi såg nokre rypejegerar, men ikkje ein fugl eller eit skot å høyre. Tok matapause ved demninga og akkurat då kom skodda sigande. Over demninga, og det starta å regne. Fulgte stien eit stykke før det vart oppover blankskurde sva og til flott varde på toppen. Retteleg grisesurt var det. Vinjar klarar seg godt i vogna og i bæremeisen slike dagar, men synest synd på dei to kjekke ungdommane som måtte lide seg gjennom dette. Det vart drygt tilbake til bilen, men det letta igjen så stemninga var bra. Så vart det nok ein triveleg kveld på Krossbu.

På grusvei innover mot Storevatnet.
På grusvei innover mot Storevatnet.
Bjørn (Bastolen), Hanna og Steffen finn le bak den store varden.
Bjørn (Bastolen), Hanna og Steffen finn le bak den store varden.
Huttemegtu(r)
Huttemegtu(r)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.