"Snartur" til Nonshaug (10.09.2016)

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 30min
Map
Ascents Skinarfjellet (886m) 10.09.2016
Visits of other PBEs Helgasete (600m) 10.09.2016

Snarturar på tom mage er sjelden ein god idé. Dette var ein slik tur.

Etter å ha lest at det gjekk sti frå Solvorn til Nonshaug/Skinarfjellet, var eg hypp på å prøve frå andre sida. Eg køyrde i retning Barsnes så langt eg kom. Asfaltvegen gjekk etter kvart over til grus, og så var det stopp (men heldigvis parkeringsplass). Herfrå gjekk det skilta sti mot stølen Dalen, og vidare mot Helgasete. Fram dit var det faktisk 5 km. Rimeleg langt når ein ikkje hadde spist på 4 timar, men å snu kom ikkje på tale.

Fram til Helgasete var ein grei tur på god sti. Tok vel knapt ein time.

Dalen, på veg mot Helgasete
Dalen, på veg mot Helgasete

Frå Helgasete gjekk stien vidare (sjølv om det ikkje var merkt av på kart) gjennom Hestadalen mot skaret og ned att i Solvorn.

Litt før skaret tok eg rett venstre opp mot Småhaugane, hakk i hælane på ein hjort som forsvant oppover. Så var det berre å trakke seg gjennom blautt gras, lyng og stokkar nord-austover. Frå ei hei fekk eg auge på topp-skiltet, så eg traff rimeleg greitt.

Rett opp her ja.
Rett opp her ja.

Det som ikkje var like greitt var at kroppen gjekk på reint sparebluss. Så var det kome seg nedover fortare enn svint. Eg valde luftlinja ned igjen til stien i Hestadalen og følgde same veg tilbake. Skal innrømme at eg vart meir og meir irritert på veg ned att - etter å ha glidd på den eine sleipe steinen etter den andre. Det toppa seg når eg sklei inn i eit piggtrådgjerde heilt på slutten av turen. Da var det lite igjen av turgleda.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.