Gardevarri, Måsøy (10.09.2016)  4

Written by Elementmannen

Duration 5h 31min
Distance 17.6km
Vertical meters 670m
GPS
Ascents Gárdevárri (633m) 10.09.2016 12:18

Etter to magiske dagar på Sørøya skulle det noko til at Garddevarri og Måsøy levde opp, men vi la trufast i veg etter å ha fikse leigebil i Hammerfest og sjekka oss ut frå flotte Scandic med pekanpai og suite.
Vi fann parkeringa omtalt greitt etter passering av elva og starta etter ei gjerdepassering med å sjå Mikkel Rev med kvit haletipp snike seg vekk i bjørkeskogen. Vi heldt nordover og runda Oarjecohkka på vestsida i grei avstand til ein svær reinflokk. Mari var månebedotten. Drog så innover på austsida av vatna og høgde 478. Eg fekk sjukdomsteikn i kroppen og måtte ta ein 15 minutt i sola her. Tok det så roleg opp mot toppen.
Flott varde, litt overskya men var her 20 minutt og slappa av og spiste litt. Bestemte oss så for å halde ryggen meir sørvest og kom på vestsida av Gardevarnjunni. Mykje stein her og, men betre enn oppover. Runda så litt meir sørover og kom ned i same sporet på myra før bjørkeskogen. Tutla så ned og satt kursen mot Honningsvåg og Nordkapp (kor tåka venta oss). OK tur gangmessig med masse rein og ein rev, men litt månelandskap. Er nok best på vårsnø, men stemninga uansett god hos båe to-

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.