Familietur til Store Skoddebotntinden (27.08.2016)

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 00min
Map
Ascents Bukkanosi (1,674m) 27.08.2016
Store Soleibotntinden (2,083m) 27.08.2016
Visits of other PBEs Soleibotnen parkeringslomme (1,222m) 27.08.2016

Mykje er sagt og skrive om den fantastiske utsikta på Store Soleibotntinden. Eg hadde difor sett fram til denne turen lengje.

Eg, far (Arnold) og bror (Eirik) sette av garde frå parkeringsplassen og gjekk beine vegen over Bukkanosi og vidare oppover. Stien kom og forsvant litt i steinrøysa, men så lengje ein følgde ryggen gjekk det utan problem.

Eirik er usikker på kvar vegen går.
Eirik er usikker på kvar vegen går.

Likevel var det ein god del våte og sleipe steinar, og hunden måtte difor berast eit stykke. For å seie det slik: dette var ikkje noko særleg til tur for ein liten hund.

Snusen måtte berast på tur.
Snusen måtte berast på tur.

Etter ein del strev kom vi opp på toppen og vart krona med NULL utsikt i tåkehavet.

Oppskrytt utsikt.
Oppskrytt utsikt.
Nokre av oss klarte å tvinge fram eit smil..
Nokre av oss klarte å tvinge fram eit smil..

Takk fan for kvikklunsj!

User comments

  • -
    avatar

    Vurdering av turen

    Written by Argok54 29.08.2016 21:38

    Biletet er oppstilt. Smila er sikkert falske.

    Snusen smiler ikkje!

    Når det er sagt så var det likevel ein hyggeleg tur. Ingen vart sure og vi hadde mange interessante diskusjonar.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.