Mont Blanc (11.08.2016)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Mont Blanc (4,810m) 11.08.2016
2015 var året for dei store fjells bomturar. Fyrst gjekk Elbrus i dass og snaue månaden seinare gjekk det same veg med Mont Blanc også. 2016 kom og det var på tide å reise kjerringa.
Morten hadde initiert Alpetur, rett nok utan Mont Blanc på lista, men det måtte det jo gå an å bøte på. Så samstundes med at peakbookgjengen returnerte til eit regnvått nord landa Kristine i solfylte Alpar. På grunn av begrensa dagar med ledig kapasitet på Goûterhytta måtte det bli ei kjapp og effektiv akklimatisering med overnatting på Klein Matterhorn 3800 meter over havet (Matterhorn Glacier Paradise - http://www.matterhornparadise.ch/en/groups-sales/lodge-matterhorn-glacier-paradise ) før vi rusla opp til Breithorn dagen etter. Under akklimatiseringa viste det seg overraskande nok at eg sleit mest til tross for tre 4K toppar i akklimatiseringsbaggasja. Men siste runda på Weissmies var nok kanskje litt i overkant og ikkje heilt heldig for forma på komande turar.
Siste heis nedatt frå Klein Matterhorn og ein slakkedag før vi entra Tramway Du Mont Blanc ( http://www.compagniedumontblanc.co.uk/en/site-overview/tramway-du-mont-blanc ) i Saint-Gervais etter å ha overnatta billig og bra rett ved stasjonen på Hotell Terminus ( http://www.hotelterminus-stgervais.com/ ).
Vi hadde forsøkt å bestille billettar til fyrste bane 07:30, men systemet tillot berre reservasjon på andre avgang 08:30. I håp om litt tidlegare avgang møtte vi opp 07:30 likevel berre for å finne ut at den gjekk 07:20 med 3 (tre!!!) passasjerar. 08:30 var vi derimot med og ei god stund seinare var vi klare ved Nid D'Aigle
Turen gjekk greitt oppover utan nokon tradisjonelle feilnavigeringar. Tett skodde letta rett etter La Baraque des Rognes og dagen vart riktig fin. Sidan vi berre fekk booka ei overnatting på Goûterhytta hadde vi pakka med soveposar og ekstra mat i tilfelle dårleg vær og nødvendigheita av ein ekstra toppdag. Med andre ord tunge sekkar og lite tempo.
Kristine var svært skeptisk til Grand Colouir, men da vi kryssa den i eit tida var det ikkje ein stein å sjå og renna framstod like trygg som Besseggen (ei veke med Øyvind Brekke i Alpane har lært meg at absolutt alt kan samanliknast med norske fjell og norske forhold). Større problem oppover var det at natta hadde tekt ryggen med eit kvitt slør og spora etter tidlegare turistar var omdanna til ei god ishinne. Sidan steggjern låg i botn av ein fullstappa sekk vart det for kvisamt å finne dei fram så ferda fortsette pinleg forsiktig oppover med hjarta i halsen. Ryggen oppover følgjar Grand Colouir og eit stykke oppi fekk vi nokre dårlege forvarsel til returen da det byrja å rase ut stein i renna.
Alle stadar som har noko i nærleiken av klivepunkt har enkle eller dobble waiere ein kan halde i. Sjølv kjærteikna eg kvar einaste kvadratmillimeter av nemnte waiere oppover på dei mest intime vis. I etterpåklokskapens ljos må eg seie meg glad for å slippe å gå den ryggen med hovudlykt i myrkre.
Vi entra Goûterhytta og fekk middag. Dei andre rundt bordet var svært fornøgde med forretten (suppe med ost), men eg var berre måteleg imponert. Når hovudretten kom (lasagne) sank begeistringa til resten av bordet også, men dårleg drivstoff er betre enn ikkje noko drivstoff så vi renska fatet.
På Goûterhytta traff vi også ei gruppe nordmenn som var på veg ned etter eit vellukka toppstøyt. Akklimatiseringa deira var fire timar på Aiguille du Midi. Eit par av medlemmane klaga på hovudpine å sverga dyrt å heilagt at dei aldri skulle på høge fjell meir. Det har dykk gløymd om eit par vekar repliserte eg, dei verka ikkje heilt overbevist...
Goûterhyutta er nesten ny og har mange fancy, fine detaljar. Ein av detaljane er sprinkelvegg mellom sovesal og korridor. Ljos i korridoren har røynslesensorar, noko som medførar diskotektilstander i korridoren ettersom folk flyg til og frå dassen heile natta. Ferdselen foregår heller ikkje lydlaust så for den som får seng ut mot korridoren og gjerne nærmast dassen der det er desidert mest trafikk er minimalt med nattesøvn sikra. I tillegg er solcellepanelet ikkje sterkt nok til å drive heile anlegget så vaskane på toaletta fungerar ikkje. Utpå natta konka også toaletta ut. Manglande handhygiene etter toalettbesøk gje ymse bakteriekulturar gode reisevilkår med påfølgande konsekvensar.
Så etter ei natt med null søvn, tiltakande hovudpine og kveld/natt med laus mage var ikkje fyrste tanken min morgonstund har gull i munn da vekkerklokka ringte.
Alpefrokost er ikkje heilt kva eg definerar som brukbar sikringskost så vi ordna oss sjølve med Dry Tec til frokost. Eg fekk ned nokre få skjeiar fordelt over rimeleg lang tid før eg på toppen av resten også fekk morgonkvalme.
Resten av pakking og førebuing gjekk tungt. Erfaring frå Barry og Duffy tilsa at stillongs var unødvendig. Når eg såg samtlege andre likevel ta den på fulgte eg flokken å tok på stillongs eg og. Eit lukketrekk skulle det snart vise seg. Forma var laber og eg følte sjansane mine til å nå toppen var lik null. Som ein siste desperate superkur forsøkte eg litt cola. Utrulegnok følte eg meg betre allereie mens eg drakk. Rundt halv fire entra vi natta, ljosrekka framfor oss oppover Dom du Goûter var allereie lang. Litt frisk luft var det som skulle til for å fjerne den siste rest av svakheit og så var det berre å nyte den magiske følinga med stjerneklar himmel og ljosslangen som snegla seg oppover lia. Nytinga vara sjølvsagt ikkje lenge. Mont Blanc er kjent som eit vindfjell. Den gjorde ikkje noko unntak for oss. Vinden skar gjennom marg og bein og vi hadde ikkje gått langt før vi møtte fyrste gruppe på retur etter å ha gjett opp. Seinare vart det fleir. Det var ikkje min verste frysetur, neppe inne på topp ti lista heller, men behageleg var det ikkje. Verre var det for Kristine som ville snu fleire gonger. Da vi kjempa oss over Dom du Gouter var ho svært nedkjølt og heilt på gråten. Vi nådde etterkvart nødbiuvak hytta Refuge Vallot og der hadde tydlegvis brorparten av dagens toppkandidatar samla seg. Det var svært få ljos vidare oppover løypa og smekkfullt i dei to opne hyttane. Vi fekk skvisa oss inn i de eine og her var det mykje liding å sjå. Stort sett alle bar preg av mykje frysing, enkelte låg rett ut å holdt seg for hovudet mens ein russer såg ut til å ha forfryst eine auga kraftig. Kameraten hans fortsette mot toppen.
</gallery>
Home sweet home!
Refuge Vallote
Home sweet home! Refuge Vallote

Det var tydeleg at Mont Blanc ikkje hadde tenkt å sleppe opp nokon denne dagen utan å la dei lide tilstrekkeleg for det fyrst. Vi vart der halvannen til to timar for å få att litt varme å vente på sola. Etter litt rådslagning måtte eg innsjå at det vart bomtur denne gongen også. Hadde eigentleg rekna med det frå halvvegs oppe i sida til Dom du Goûter men klamra meg til håpet og følte ikkje for å være den som trakk ut pluggen.
Vi forlot Refuge Vallot truleg rundt åtte tida for å rusle nedatt trudde eg. Alle som forlet hytta fekk spørsmål frå dei resterande om dei skulle opp eller ned. Probably down var mitt svar, men da vi kom ut byrja berre Kristine å gå oppover utan å seie noko så da fekk eg berre labbe etter.

Snøryggen oppover vart etterkvart meir luftig enn eg hadde venta, men vi fortsette. Utan taug i motsetnad til stort sett samtlege andre. Vi gjekk forbi nokre og møtte eit lite antal på veg ned. Det vart nok ein begrensa prosentandel som kom opp denne dagen. Ved ein større sprekk rett før toppen nådde vi att eit par svenskar som hengte seg på oss opp til toppen. Mykje knoting på mange ved denne sprekken som var ein litt over to meter høg vegg som måtte klatrast. Ein taugstump var lagt ut. Etter eit par luretoppar og ein siste skarp snøegg flata det ut til eit lite platå og det gjekk nedover på alle kantar. Toppen av Vest Europa var nådd.

Planen var å ta ein kjapp sving ut til Mont Blanc de Courmayeur for å krysse av enda ein nasjontopp. Forholda utover verka perfekte og toppen var ikkje lengre unna enn at eg nesten kunne ta på den. Kreftane hadde også vent attende og dei siste hundre høgdemetrane følte eg verkeleg at beina og pusten fungerte, men eg tvilte på at ein eventuell forespurnad ville blitt møtt med noko særleg velvilje frå turfølgje. Ein time ekstra med frysing stod nok ikkje øvst på ønskjelista. Difor kjapp fotosession, klemming, gratulering og jubling før vi returnerte. Courmayeur ligg der til ei seinare anledning.
Tok det forsiktig nedover snøegge. Eggen i seg sjølv gjekk greitt, men det vart fortsatt enkelte på veg opp og nokre av dei var lite fokusert på anna enn toppen. Ein burde forvente at dei tok litt hensyn og var litt forsiktige når vi tok eit par skritt ut i sida for å sleppe dei forbi, men den gong ei. Toppen er tydelegvis viktigare enn om ein dyttar nokon i avgrunnen.

Tok ei matpause på Refuge Vallot på returen. No hadde vi hytta for oss sjølve og kunne konstatere at den var eit grisehus utan like. Godteripapir og aluminiumsfolie fløt overalt. Dassen såg ikkje ut. Den var utstyrt med eit skilt som sa at Ingen var ansvarleg for å reingjere den. Ingen gjorde ein dårleg jobb.

Etter noko mat fortsett vi returen og nådde raskt att svenskane. Den eine av dei hadde ein litt dårleg dag så det gjekk smått. Vi konverserte litt før vi forlot dei.

Motbakker mot Dom du Goûter
Motbakker mot Dom du Goûter
Den kvite madam.
Den kvite madam.
Aiguille de Bionnassay.
Hot diggity damn!
Aiguille de Bionnassay. Hot diggity damn!
Goûter hytta
Goûter hytta

Kjapp ompakkking på Goûterhytta for å bli ferdige med Grand Colouir raskast mogleg. Svenskane kom da vi skulle gå og vart overlukkelege når vi dumpa litt overvekt i form av mat på dei.
Klok av skade etter turen opp var steggjerna no pakka øverst i sekken, men da var det sjølvsagt ikkje bruk for dei. Det var fortsatt ein del is nedover ryggen, men steggjern var unødvendig. Det som var verre var renna. Jamt og trutt løysna det stein berre nokre meter ute på høgresida så vi kunne følgje dei med synet frå dei løsna og mens dei akselrerte nedover renna til dei susa forbi punktet vi skulle passere nokre hundre høgdemeter lengre nede. Supert!
Sidan renna vert verre utover eftan var det berre å halde tempo oppe for å bli ferdig med svineriet raskast mogleg.

Allereie halvvegs ned på ryggen kunne eg sjå eit par på motsatt side som stod å venta på trygg passasje til å passere. Da vi kom ned til kryssningspunktet beina dei over. "Shitty place" meinte mannen...
Vi kryssa kjapt mens Mont Blanc var i godlune. Ingen steinkasting etter oss kunne vi fornøgd konstatere da vi rusla roleg nedover ryggen på andre sida av Grand Colouir. Da byrja det plutseleg å sprute stein frå Arête Payot sida rett ovanfor oss. Vi måtte småjogge nedover breen mot Tête Rousse hytta for å unngå dei. Eg var ikkje heilt ueinig i konklusjonen til mannen vi nyst hadde møtt. Turen vidare ned til Nid D'Aigle gjekk radig berre forstyrra av ein del steinbukkar og blåtær.

Griiiis!
Griiiis!
Adjøkomite
Adjøkomite

Kom ned til Nid D'Aigle midt i rushtida. Dei to neste avgangane var fullbooka så det stod nesten to timars venting framfor oss. Heldigvis forbarma billettøren seg over oss og selde to billettar til fyrste avgang under "hysj hysj" og peikefinger framfor munnen. Sidan vi no viste Tramwayen var overbooka var det berre å være frekkare enn flatlusa og bane seg veg fort som fy inn til sitteplasser. Fekk difor ein bahageleg tur nedatt mens nokre andre stakkare måtte stå å hate i midtgangen.
To svært slitne svenskar sjangla forøvrig inn på stasjonen akkurat i det toget starta.

User comments

  • -
    avatar

    Takk for turen!

    Written by Grønnviken 08.09.2016 19:24

    Ja, akkurat sånn var det :) For min del kommer denne inn på topp 10 fryse-turer! Men, det var det verdt! Da jeg gikk turen lurte jeg fælt på hvorfor jeg holdt på med det her. I ettertid lurer jeg på hvordan jeg klarte å motivere meg. Jeg tenker at det var stor hjelp i ha god backing fra Geir Arne. Det var også spennende å teste kroppen i høyden. Stavene til Øyvind gav secret-power, og om Øyvind ikke skulle opp kunne det kanskje være en trøst at stavene hans hadde vært der? ;) Også hadde jeg med meg isøksa mi som jeg fikk av noen venner i 30-års gave -å kunne sende vennene mine hjemme en hilsen om å ha nådd toppen av Vesteuropa med isøksa som god støtte var en fin motivasjon de siste høydemeterne.

    Takk for turen!

    Og om du lurer på om du skal ta denne turen: ta med det varmeste tøyet du har og prøv å krysse dødsrenna på best mulig tidspunkt!

  • -
    avatar

    Takk for sist

    Written by toraab 08.09.2016 12:30

    Fin rapport og fine bilder. Det var oss dere traff på Gouterhytta. Etter kun 4 t på Aiguille du Midi 2 dager før var vi meget fornøyd med at hele laget kom på toppen den dagen vi traff dere. Det var dårlig vær om natten, og mange hadde kansellert bookingen på hytta, og vi fikk derfor sengeplasser selv om vi ikke hadde bestilt på forhånd. Først ved 5-6-tiden om morgenen klarnet det opp, vi startet ved soloppgang, gikk stort sett alene opp til topps, og var helt alene på toppen i klart vindfullt vær ved 13-tiden, helt fantastisk. Men vi rakk jo ikke banen ned fra Nid D'Aigle den kvelden, og overnattet på perrongen og tok første bane ned morgenen etter. Passeringen av Grand Colouir på vei opp var hårfin, noen sekunder etter at jeg som sistemann var over, kom en diger stein susende og passerte noen meter bak meg. Vi grudde oss for å passere renna sent om ettermiddagen på vei ned, men da gikk heldigvis alt greit.

    • -
      avatar

      Sv: Takk for sist

      Written by Garm 20.09.2016 19:48

      Dykk var vel i alle fall godt akklimatisert til Breithorn tre dagar seinare da? :)

      Forstod det på gruppa di som det hadde vært ein kald fornøyelse og det var nok ikkje noko mindre kaldt da vi forsøkte oss. Har turmedlemmane dine fått turen såpass på avstand at "store fjell" er aktuelle no eller vart Mont Blanc nok?

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Takk for sist

        Written by toraab 23.09.2016 21:41
  • -
    avatar

    Gratulerer

    Written by Naboen 06.09.2016 23:07

    med vest-europa's tak! Fete bilder..:)

  • -
    avatar

    Flott rapport!

    Written by kobbenes 06.09.2016 17:42

    Stemninga vart effektivt fanga på vest-europas høgste turistmål! :-D

  • -
    avatar

    Grattis begge to :)

    Written by Eikås 06.09.2016 15:09

    Kjekt å lese rapporten din Geir Arne og gratulerer med toppen :) Er bra misunnelig på den!!! :) Gleder meg alltid til å sjå bilda dine! Dei bruker å være bra spenn i...også denne gangen :) Det må då bli ekstra feiring til helga ;) :)

  • -
    avatar

    Gratulerer med Kvitfjellet!!!

    Written by Øyvindbr 06.09.2016 13:52

    Det var jo dette som var hovedmålet med Alpeturen din, jeg skjønte det relativt tidlig. :) Og jammen fikk dere knallvær også!

    Ingen 4k-topper går i boks uten blod, svette og tårer, jeg skjønner at denne ikke var noe unntak. Og jeg vet inderlig godt hvor lite jeg hadde likt å høre og se alle steinspranga nedi Grand Couloir vel vitende om at den etter hvert skulle krysses. Nei den "koloaren" frister det lite å bli kjent med...

    Nå har jeg iallfall på "forbudt" vis kost meg med rapporten din i arbeidstida. Takk for fin underholdning og nok en gang gratulerer til dere begge! :)

    Og artig at stavene mine har vært på 4810!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.