Ny draumetur: Storviglen frå Ljøsnåvoll (10.08.2016)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 24min
Distance 15.4km
Vertical meters 856m
Map
Ascents Storviglen (1,561m) 10.08.2016

Denne turen får toppkarakter frå meg pga Ljøsnåvoll og heile pakka med ankomst, overnatting og tur. Etter eit par svært kalde og våte dagar, var vi i gang att tysdag ettermiddag. Yr hadde spådd opphald i nokre timar på ettermiddagen, nok til å greie sykkelturen frå Feragen til Ljøsnåvoll utan å bli gjennomvåte. Herleg sykkelveg i lyng- og furuskog med utsikt til Feragen og delvis langs sandstrender. Stølen Øya var velstelt med hesjer og kornåker, og så bar det opp dei siste 3,5 km opp til Ljøsnåvoll. Ca 100 hm gjennom eit landskap som rett og slett var velstelt og skjøtta. Beitemark, reine bjørkestomnar som det var rydde rundt, og så denne flotte elva i fine stryk nedover. Ljøsnåvoll seter var rett og slett eit eventyr! Utan straum og innlagt vatn, men utruleg velstelt stølsanlegg i like velstelt kulturlandskap. Det byrja å regne og bles kraftig opp, men i stølsselet var det fyra opp og varmt, og vi fekk heimelaga sodd med nypotet og heimebaka flatbraud. Og godt selskap i Olaug og Marie frå Trondheim som hadde gått frå Langen. I fellesstoga seinare på kvelden blei vi stadig meir imponert over desse damene, Marie hadde aleine gått Noreg på langs den sommaren ho var 70!
Dagen etter var det kaldt (3 grader) men opphald, og vertinna Ingrid hadde baka brød på morgonkvisten - i vedomnen. Og det var egg, og molter og blåbær og heimekinna smør! Ein frukost å hugse lenge. Turen gjekk greitt. Først eit stykke langs fin stig i vakker beitemark, lyng, gras, kvite bjørkestomnar og gamle krokfuruer. Og kyr! Ute av skogen gjekk vi inn i ei sur snøbyge (10. august!), såg tre reinsdyr, og følgde den rødmerkte stigen heilt opp til den slake ryggen. Dei første 5-600 hm var fordelte på 6 km, og gjekk veldig greitt. Så ut av stigen og bratt opp til toppen som var skydekt. Dryge 200 hm, så var vi oppe, ur, men ikkje av dei verste. Toppen var kvit etter natta før, og temperaturen var ikkje noko særleg over frysepunktet, så vi gjekk ned i elvedalen og åt niste der. Skar mykere rettar ned frå toppen enn vi gjekk opp, trur det hadde vore betre å gå opp slik også. Fann le, og sola kom fram dessutan. Brukte noko tid nedover, fabelaktig utsikt mot Femunden, sol, to av reinsdyra og mange fotomotiv. Fekk lappar med molte og heimelaga rjome + kaffi og te i solveggen då vi kom ned. Så like flott sykkeltur tilbake til bilen. Heile turen var rett og slett ei stor oppleving. Dei som berre har fare forbi Ljøsnåvoll for å krysse av kommunetoppen, har feilprioritert etter mi meining!
15,35 km, + 25 km sykkel. Brukte ca 1 time på sykkel ein veg, litt meir inn, litt mindre tilbake, men det inkluderte fotografering! 5 timar og 24 minutt på fotturen, av dei 2 timar og 20 opp, og 3 timar ned inkludert nistepause og mange fotostopp i solskinet. 856 hm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.