Slakkafjellet - tur med sykkel, snarare enn "sykkeltur" (07.08.2016)

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Bike trip - off-road
Duration 2h 00min
Map
Ascents Slakkafjellet (855m) 07.08.2016

No er ikkje akkurat eg ein toppidrettsutøvar, men om du ikkje heiter Gunn Rita Dale så er vel ikkje akkurat dette sykkelturen eg vil anbefale. I alle fall ikkje på ein slik våt dag. Sykkelen var med meg opp til toppen ja, men eg sat ikkje akkurat på han på veg opp.

Eg parkerte på motsett side vegen frå der grusvegen mot Slakkafjellet startar. Sykla oppover grusvegen til skiltet mot Slakkafjellet, og prøvde meg vidare litt oppover på stien.

Første del av stien er rimeleg tåleleg
Første del av stien er rimeleg tåleleg

Eg gjekk fort over til å trilla sykkelen framføre meg.

Stien kryssa grusvegen to gongar, og eg angra difor på at eg ikkje følgde grusvegen lengre. Det vart etterkvart brattare, smalare, meir attgrodd og ikkje minst gjørmete. Ikkje akkurat tipp-topp sykkelforhold i bratt oppoverbakke - med ein vilter hund i band.
Greitt nok. Nådde til slutt ein støl, og søkte litt ly der for dritvêret.

Grei utsikt allereie no
Grei utsikt allereie no

Frå stølen såg det slakare ut, og eg håpte difor på litt sykling. Men nei, frå stølen til toppen var det enda våtare og sleipare. Det vart difor kun trilling - og av og til bering - av sykkelen. Det vart ikkje betre med ein hund som konstant fôr mellom beina mine, og i tillegg vart sitjande fast i ei steinrøys. Så endte det opp med at hunden måtte berast og, i alle fall eit stykke.

Kom oss til toppen etter vel 1t og 20 min. Bilete av hunden oppsummerer vel slitet ganske greitt.

Eg tok kortaste luftlinja mot grusvegen på veg ned frå toppen, dvs. i retning Sogndal transformatorstasjon. Turen gjekk gjennom lyng og myr og greiner og buskas. Like greit, så lengje eg slapp stien, og kunne sykle store delar av nedfarten.

Elles vart det tut og køyr på grusvegen heilt ned til parkeringsplassen. Det var herleg avslappande. For meg altså, ikkje hunden..

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Hommpbollen 07.08.2016 22:22

    Nisj. Han er ein råtass :-)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Argok54 07.08.2016 22:15

    Stakkars hund. Stakkars, stakkars hund.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.