Andre gong på Damtjønnuten (05.08.2016)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 00min
Distance 8.7km
Vertical meters 653m
Map
Ascents Damtjønnuten (1,291m) 05.08.2016

For nokre år sida (3?) gjekk Finn og eg til Damtjønnuten frå Dyrdal. I dag gjekk Erling, Anniken, Tom og eg frå Rorgevatnet, dvs Nes på vestsida av Rorgevatnet. Vi gjekk opp flott og bratt stig nord for bekken i hamnehagen. Stigen gjekk bratt opp på det som nok geologisk sett er ei sandmorene. Bekken rann i fine kulpar og fall ved sida av oss med sandbotnar i kulpane. Etter ca 200 m stigning kom vi opp til ein saltstein i kanten av ei myr. Her flata det noko ut, og vi var over tregrensa. Vi heldt til høgre for myra og gjekk nutane vestover. Mykje sauetråkk som vi fann og mista igjen. På ein fortopp med fine rosa flyttblokker åt vi niste i sol. Så gjekk vi til vi såg Damtjønn vest for oss, og der heldt vi til venstre, og gjekk opp frå skardet sudvest for Damtjønn. Derifrå følgde vi sauetråkk rett opp. Super utsikt. Men på toppen trefte ei av dei mange regnbygene vi hadde sett hengje som slør rundt oss heile dagen, endeleg oss. På med jakker og så bar det nedatt omtrent same vegen. Rett nok prøvde vi å halde oss til den stigen som er merkt på Raulandskartet, men den forsvann stadig for oss. Vi fire hadde følgje av Uncas. 8,7 km, 4 timars gange inkludert matpause, 653 hm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.