Galskap i fjellheimen (14.08.2010)  6

Written by Hommpbollen (Tor)

Map
Ascents Igdedalseggi (1,224m) 14.08.2010
Raudmelen (978m) 14.08.2010
Spenane midtre (1,135m) 14.08.2010

EIn heidundranes fjelltur i Balestrand med bestekaren Daniel Borlaug. Tar du med den karen på tur kan du banne på det vert mykje fanskap på vegen. Det slo ikkje feil!

Faren min køyrde oss opp til startpunktet i Saurdalen. Ei stakkars dame køyrde foran oss oppover grusvegen - fram til vi vart stansa av ein bøling med kyr. Ho gjekk ut av bilen og jaga minst 3 gonger. Og der sat vi tre karane, apatiske, utan eingong å tenkje på at vi kunne gå ut av bilen for å hjelpe ho å jage kyr. Det sa ho forsiktig fra om mellom samanbitne tenner når vi var komne opp på parkeringsplassen. Forstå det den som kan..

Sjølve fjelltursen fortsette på same merkelege måte, noko biletene fortel det meste om. Ein treng vel eiegentleg ikkje sei så mykje meir...

Men jommen kom vi oss til Igdedalseggi, og til Spenane, og til Raudmelen, og velberga ned igjen. Tru det den som kan. Einaste minuset var at eg ikkje nådde Aston Villa kampen på tv. Uavgjort vart det uansett.

Eg har aldri ledd meg over så mange fjell. Dette var alle tides KONGETUR! Ingen over, ingen ved sida. Det kan og nemnast at det var ein strålande dag i fantastisk natur, men det er jo av underordna betyding.

Hjarteleg takk for turen Daniel! My jolly fellow

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.