Treningstur til Trollebottsegga 1245 Jølster/Naustdal (03.08.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Legestøylen P (356m)
Endpoint Legestøylen P (356m)
Duration 3h 08min
Distance 13.6km
Vertical meters 1,005m
GPS
Ascents Trollebottsegga (1,247m) 03.08.2016

Har lenge tenkt på å få med Trollebottsegga 1245 moh og det vart ein rein impulstur idag. Ei god treningsøkt på føremiddag vart det, med eit strålande vær og mange på tur i dette området som ligg i Naustdal/Gjengedal landskapsvernområde. Mange valgte å snu oppe ved snøfonnene ved Stigsvatnet og var fornøgd med det. Medan andre benytta seg av båt og fiskemuligheitene her oppe. Dette er eit spesielt, vilt og vakkert område. Hadde det ikkje vore for dei bra snøfonnene som ligg att framleis i høgda, eit noko slitt skotøy og ikkje minst middags lovnaden til Miriam etter jobb! Så ville eg fortsette turen bortom til Grønlifjellet 1385 moh. Men er glad for dagens treningstur åleine mot toppen og ellers ilag med så mange blide og fornøgde turmennesker i alle aldrer!

Nokre nyter roen oppe ved Stigsvatnet
Nokre nyter roen oppe ved Stigsvatnet
Ifrå parkering ved Legestøylen
Ifrå parkering ved Legestøylen
Medan eg kosa meg med min Snickers sjokolade, prøvde denne å innynde seg :)
Medan eg kosa meg med min Snickers sjokolade, prøvde denne å innynde seg :)
Ned mot Longevasshytta
Ned mot Longevasshytta
Ved Stigsvatnet 782 moh
Ved Stigsvatnet 782 moh
Mot Littlebottsegga og Grønlifjellet 1385 moh Nordvendt og ein god del snøfonner att
Mot Littlebottsegga og Grønlifjellet 1385 moh Nordvendt og ein god del snøfonner att
Ved Stigsvatnet, desse skulle overnatte på Longevasshytta/Dnt
Ved Stigsvatnet, desse skulle overnatte på Longevasshytta/Dnt
Ein god del snøfonner att...mange snudde ved fonnene
Ein god del snøfonner att...mange snudde ved fonnene

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.