Rauma/Nesset: Hesteskotraversen (31.07.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Skytebana (135m)
Endpoint Skytebana (135m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 13min
Distance 18.3km
Vertical meters 2,211m
GPS
Ascents Klauva (1,512m) 31.07.2016
Søre Klauva (1,356m) 31.07.2016
Kyrkjetaket (1,439m) 31.07.2016
Nord for Kyrkjetaket (1,290m) 31.07.2016
Mørkvasstinden (1,394m) 31.07.2016
Skarven (1,143m) 31.07.2016
Steinberget (981m) 31.07.2016
Visits of other PBEs Loftskarsætra (465m) 31.07.2016
Den spennande 1394-toppen som vi hadde lite info om.
Den spennande 1394-toppen som vi hadde lite info om.
Nord for Kyrkjetaket, på egga ein plass. Vi ser mot Ivertoppen og Klauva
Nord for Kyrkjetaket, på egga ein plass. Vi ser mot Ivertoppen og Klauva
Kyrkjetaket
Kyrkjetaket
Fornøgd Jan Petter på 1394
Fornøgd Jan Petter på 1394
Frå Klauva mot Søre Klauva, Skarven og Isfjorden.
Frå Klauva mot Søre Klauva, Skarven og Isfjorden.

Rundturar er stort sett alltid kjekke. Meir spennande enn å gå på ein einaste fjelltopp og nedatt akkurat same veien. Denne turen hadde Jan Petter og eg diskutert tidlegare og når veret såg bra ut var det berre å trakke til. God sti frå skytebana i Isfjorden til Loftskarsetra. Før setra tok vi av etter merking til Kyrkjetaket. Fulgte vanleg rute opp dit. Spørsmålet var så 1394-toppen. Satsa på første skaret vest for det lavaste skaret. Då vi kom opp i dette skaret såg vi at det var greitt å gå vidare nord for ryggen/egga. Vidare lurte vi litt på Ivertoppen, men gjekk forbi denne. Kunne gått på nordsida, men dette såg vi ikkje før vi var komne forbi, vi gjekk då litt tilbake og sørom Ivertoppen. Det ligg og ein anna topp mellom Ivertoppen og Klauva som burde vore registrert, pf rundt 50 kanskje. Ein del bratte snøparti i nordaustsida her, men snøen var grei å trakke seg spor i. Ikkje noko spesielt vanskeleg. Såg fleire turfølgje som hadde skrive om denne runden i toppbøkene. Frå Klauva vidare lett over Søre Klauva og Skarven. Ned mot Loftskarsætra fann vi stien kunne rusle tilbake til skytebana. Tok Gamleveien som er litt kortare. Einaste folka vi såg var 2 stk på Loftskarsetra.

User comments

  • -
    avatar

    Så flott med GPS-spor...

    Written by knutsverre 01.08.2016 08:54

    Ove! Dette har jeg ventet på! Fortsatt god (GPS) sommer!

    • -
      avatar

      Sv: Så flott med GPS-spor...

      Written by boven 08.08.2016 20:42

      Ja det er flott. Endeleg trur eg vi skal få til dette, takk til Jan Petter som hjalp oss. No har Lise GPS-en, men det kjem meir spor etter kvart.

  • -
    avatar

    GPS kart

    Written by Bastolen 31.07.2016 23:20

    Hei!

    Supert at du har startet med å legge ut GPS kart, så det er lettere for andre å følge i noen av dine fotspor.

    PS! Gi beskjed om du har tenkt deg på noen alpine utfordringer i Vestnes og/eller Ørskog.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.