Bossnuten frå to kantar (28.07.2016)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 12min
Distance 7.0km
Vertical meters 498m
Map
Ascents Bosnuten (1,431m) 28.07.2016

Fordi Knut trenar til stor Storen-tur om ei veke, blei vi samde om at han og Anniken skulle gå til Bossnuten frå Bjåen over Lifjell, medan vi andre ville køyre til Bossbøen å få ein kortare tur. Det passa best for Uncas som fekk for lang tur på tysdag. Og det passa for meg som var blitt nedsylta av forkjøling dei siste dagane. Vi neglisjerte fleire skilt som bonden på Bossbøen hadde sett opp for å halde fotturistar unna. Det gjorde fleire andre også. Men skulle ein respektere dette, bør ein no køyre ut til Varland og gå derifrå. Der er også stig. Raskt opp forbi tregrensa, og så deilig terreng og stig vidare og opp til toppen. Vi fann ei lun grop, rasta og kosa oss medan vi venta på dei som gjekk frå Åmotsdal. Dei kom ca 30 minutt etter oss. Eg brukte 1 time og 10 minutt opp, medan Torbjørn vel var oppe 5-10 minutt før meg, og vi to som gjekk seinast 1 time og 54 minutt ned. 498 hm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.