Lillehammer - Nordfjordeid sommaren 2016 (17.06.2016)

Written by tingeling (Inger Elin Nes Hjelle)

Map
Ascents Fannaråken (2,068m) 17.06.2016
Grytlifjellet (1,054m) 17.06.2016
Gullkistefjellet (1,287m) 17.06.2016
Kviven (1,025m) 17.06.2016
Liaflui (1,768m) 17.06.2016
Litledalshornet (687m) 17.06.2016
Navelsakerfjellet (915m) 17.06.2016
Obleikhaugen (984m) 17.06.2016
Otredalsfjellet (1,170m) 17.06.2016
Rindehornet (637m) 17.06.2016
Sandfjellet (1,177m) 17.06.2016
Sikkilsdalshøe (1,778m) 17.06.2016
Nordre Suluhøgda (1,122m) 17.06.2016
Vangstulkampen (1,624m) 17.06.2016
Veslfjellet (1,743m) 17.06.2016
Visits of other PBEs Arentzbu (880m) 17.06.2016
Besseggen (1,500m) 17.06.2016
Gjendesheim (994m) 17.06.2016
Kittilbua (812m) 17.06.2016
Liomseter (915m) 17.06.2016
Olavsbu (1,440m) 17.06.2016
Oskampen (1,175m) 17.06.2016
Skogadalsbøen (833m) 17.06.2016
Slæom (1,110m) 17.06.2016
Sprongdalshytta (1,280m) 17.06.2016
Storkvelvbu (1,200m) 17.06.2016
Stølsdalen (1,035m) 17.06.2016
Vestfjellhytta (945m) 17.06.2016

Etter lang tids planlegging var det endelig klart for sommarens store vandreprosjekt. Fredag 17. juni starta vi på trappa vår heime på Lillehammer. 34 dagar seinare kom vi fram til Storeneset, garden til familien min på Hjelle i Eid. Utgangspunktet for prosjektet var at vi hadde lyst til å gjennomføre ein lengre tur. Dette er det mange som gjer, men vi ville lage vår eigen tur. Når tanken først slo ned, var det innlysande at det måtte bli å gå heim til Eid. Både fordi det er ein fin symbolikk i det å gå heim, og ikkje minst fordi nettopp denne turen ville ta oss gjennom nokre av dei finaste fjellområda vi har; Gausdal vestfjell, Jotunheimen, Breheimen og Nordfjord.

Største bekymringa i forkant var Torkel sine kne, men det gikk overraskande bra, takka vere knestøtter og aktiv bruk av stavar. I tillegg var vi ganske nøye med å ikkje pakke for mykje. Vi hadde også etterforsyningar av mat undervegs, samt at vi baserte oss på å kjøpe mat på hyttene. Torkel sin sekk var mellom 20 og 23 kg, Inger Elin sin mellom 15 og 18. Vi hadde lagt opp til ganske fornuftige dagsetappar, gjennomsnittlig ca 16 km pr. dag. I tillegg hadde vi totalt seks kviledagar. For oss var dette eit bra opplegg, vi ville ikkje stresse og heller ikkje slite oss heilt ut. Vi hadde egentlig tenkt å få med oss fleire toppar undervegs, men pga mykje snø i høgda og ein del dårlig vær, blei det ikkje så mange ekstra avstikkarar.

Vi hadde med telt, men hadde avtalt at vi skulle bu på hytter dersom været var dårlig. Været var særdeles varierande, og ofte kom regnet på ettermiddag/kveld, så vi endte opp med å bu på ganske mange av hyttene, der det var mulighet for det. Ruta vår var som følger: Lillehammer - Ruktjern - Saksumdal - Djupådalen - Kittilbu - Vestfjellhytta - Liomseter - Revsjøen - Storkvelvbu - Storhøliseter - Oskampen - Sikkilsdalen - Skåltjønna - Sikkilsdalshøa - Gjendesheim - Besseggen - Memurubu - båt til Gjendebu - Olavsbu - Skogadalsbøen - Fanaråken - Turtagrø - Stølsdalen - Nørstedalseter - Arentzbu - Sprongdalshytta - Slæom - Øyren - Kamperhamrane - Sunndalen - Hjelle i Oppstryn - båt til Flo - Flofjellet - Eggene (mellom Fedalsnibba og Marsåhyrna) - Botnevatnet - Gullkistefjellet - Skihellevatnet - Røyrhus - Hornindalssetra - Sandfjellet - Hjortedalen - Storesetra i Hornindal - rundt Høgenibba - Kviven - Otredalsskaret - Otredalsfjellet - Glimmerdalen - Navelsakerfjellet - rundt Raudgrøtegga - Heggjadalen - Frislidsetra - Ingriddalen - Sagesetra - Tua - Litledalshornet - Hjellesetra - Rindehornet - Storeneset, Hjelle.

Bortsett frå at vi gjerne skulle hatt fleire dagar med stabilt, godt vær, så har alt gått på skinner. Turen var ei fantastisk oppleving, som vi kjem til å leve lenge på!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.