Fladalen walkabout (28.07.2016)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 12min
Distance 19.8km
Vertical meters 1,965m
GPS
Ascents Tua (1,012m) 28.07.2016 15:50
Slokefjellet (813m) 28.07.2016 15:50
Kvitegga (1,112m) 28.07.2016 15:50
Hattemakaren (1,096m) 28.07.2016 15:50
Visits of other PBEs Fladalen p-plass (440m) 28.07.2016 15:50

Dagen i dag mangla ikkje vidløftige planar. Men det mangla heller ikkje skodde. Alle Laurdalskremtoppane stod med hovudet i skyene, så man måtte sjå seg ikring etter lavare mål. Tua hadde ikkje skodde, så det fekk bli treningstur og litt jobbing på Eidalista her i staden.

Greit opp til Tua. Nokon hadde gått amok med T-merkinga, og sti og merking var ikkje alltid like enkel å følge. Ein time til topps og halvtime tilbake til bilen. GPS-sporet NED frå Tua føl stien. Opp gjekk eg feil både her og der.

Skiftande frå Tua
Skiftande frå Tua

Ved bilen var leggar og lår framleis friske. Eg hadde heile dagen til å gå på fjellet, så eg sprang avgårde mot Kvitegga og Hattemakaren. GPS-sporet må på ingen måte følgast, for dette var stort sett gaupeterreng. Eg anbefalar på det varmaste å angripe desse fjella frå ein annan kant.

Majestetiske Kvitegga
Majestetiske Kvitegga

OK opp til Slokefjellet, så drygt opp til Kvitegga. Her var det eit stort og goldt topplatå. Eg såg så mot Hattemakaren. Den såg tøff ut!

Bratt ned i skaret mot Hattemakaren. Vegen ned frå Kvitegga må velgast med omhu, det løner seg å holde seg nokolunde nær egga. Då kan ein stort sett følge grashyller heile vegen ned.

Hattemakaren. Våte og sleipe grasbakkar nok til eit heilt liv.
Hattemakaren. Våte og sleipe grasbakkar nok til eit heilt liv.

Deretter runda eg rundt på baksida av Hattemakaren og opp. På toppen kom skodda, så det var berre å kome seg ned. Eg "kutta svingen litt" ned mot skaret, og fekk bratt og blaut grasbakke til den store gullmedalja. Dette berre fortsette og fortsette ned mot Rokkevatnet. Ingen ting av vegetasjonen såg ut til å henge fast i underlaget. Rart at heile greia ikkje rasar i Rokkevatnet.

Tilbake langs Movatnet var det kupert og jævlig. Men elvevassinga var fin. Blaut som ein katt tilbake på parkeringa.

Ein tur som på ein måte var fin fordi den ikkje var så fin. Ikkje følg GPS'en!

Start date 28.07.2016 10:26
(UTC+01:00 DST)
End date 28.07.2016 15:43
(UTC+01:00 DST)
Total Time 5h 16min
Moving Time 4h 56min
Stopped Time 0h 20min
Overall Average 3.7km/h
Moving Average 4.0km/h
Distance 19.8km
Vertical meters 1,964m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.