Nessane - Esedalen, Balestrand (12.09.2015)

Written by Hommpbollen (Tor)

Map
Ascents Norddalsnipi (1,311m) 12.09.2015
Nordøst for Norddalsnipi (1,228m) 12.09.2015

Ein skikkeleg langtur over fjellet utanom stiar, ca. 8 t. Køyrde inn i Nessadalen og gjekk rett opp nordvest. Gjekk deretter over Nordalsnipa. Vi valde å gå ned frå nordlege sida og måtte klyve ein del. Vi fann etterpå ut at dette var det brattaste, så nedfart frå den sørlege sida er å anbefale.

Vidare gjekk turen nord for, og ned frå, Geitabotneggi mot Sauadalsvatnet. Dette gjekk rimeleg greitt, men passeringa av vatnet på sørsida er noko krevjande, da ein må gå på snø i bratt terreng. Vi kom så opp på plateået der vi såg ned i Esedalen - og planen var å følgje ein sti nedover her langs ei elv. Her var det ingen sti! Vi leitte lengje og kom ut på ryggen på Geithalsnipa. Her er det mykje vegetasjon og vanskeleg å sjå, så det er best å vere varsam. Til slutt bestemte vi oss for å rutsje nedover på austsida av ei elv (sjå kart), og tok det roleg. Det er svært bratt og ein gjer lurt i å halde seg godt fast i alt av greiner og busker.

Kom til slutt ned i dalen. Gåturen frå dalen og ned til riksvegen i Ese trudde eg aldri skulle verte ferdig. Alt i alt ein krevjande og utfordrande, men kjekk tur.

User comments

  • -
    avatar

    Nedstiging til Esedalen

    Written by Argok54 07.08.2016 16:16

    Det kan sjå ut som det går an å gå relativt greitt langs ei elv som går litt lenger nede i dalen for der vi klatra ned. Hadde vi gått litt lenger nedover hadde vi sett ho. Men kven kunne vite det?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.