Ørskog/Vestnes: Næremstindane (27.07.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Vaksvikfjellet (390m)
Endpoint Vaksvikfjellet (390m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 12min
Distance 12.7km
Vertical meters 1,035m
Map
Ascents Høgsvora (1,163m) 27.07.2016
Næremstindan Øst (1,169m) 27.07.2016

Første dag på ein sein og kort familieferie for oss. Parkerte på parkeringsplassen lengst inne, der vi og overnatta. Starta ilag og gjekk i godt driv oppover. Når vi var ferdige med det fuktigaste partiet ville Vinjar gå sjølv. Då gjekk Lise i forveien, avtalen var å møtest på Høgsvora etter at ho hadde vore aust til høgste toppen 1169. Stien til Høgsvora er mykje brukt og lett å følgje. Då Vinjar og eg kom til Høgsvora fekk vi telefon frå mamma som stod på 1169-toppen. Såg ho så vidt der borte. Det gjekk ca ein halvtime før ho var tilbake på Høgsvora. Vinjar og eg åt godteri og skreiv oss inn i boka. Så var det min tur. Gjekk litt ned nordover før eg gjekk mot egga. Så er det ein enkel og artig tur bortover. På returen gjekk eg ikkje oppom Høgsvora men tok bort austsida og kom opp på ryggen i ca 1000 meters høgde. Usikker på om eg sparte noko på dette. Hadde sikkert gått like kjappt å gå oppom Høgsvora igjen. Tilbake i bilen var det graut og lalling for Vinjar. Middag og vin for oss vaksne.

Frå Høgsvora nordover mot Trolltinden og Sprovstinden.
Frå Høgsvora nordover mot Trolltinden og Sprovstinden.
Frå høgste Næremstinden, ser vestover mot Høgsvora.
Frå høgste Næremstinden, ser vestover mot Høgsvora.
Vinjar ventar på mamma på Høgsvora.
Vinjar ventar på mamma på Høgsvora.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.