Ny kremtur (21.07.2016)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 00min
Distance 12.0km
Vertical meters 790m
Map
Ascents Gisen (1,167m) 21.07.2016

Fjerde etappe på veg til Mo i Rana. Hadde overnatta i Harran, og vakna til rekordvarme. 25 grader då eg gjekk frå bilen øvst i Steinådalen. Der heldt eit arbeidslag på med å byrje fundament for nye høgspentmaster - trur eg. Veksla nokre ord med dei før eg la i veg opp lia til venstre for Teltvatnet. Rett nok var det varmt, men ein god vind gjorde dagen fullkomen. Ikkje eit insekt! Eg skar rett opp lia og kom ganske raskt inn på tørr bergrygg. Men før det sprang ein nydeleg brun hare opp, og forsvann framfor meg. Så sterkt å oppleve dyreliv! Følgde bergryggen heilt opp til den vesle toppen med varde. Derifra heldt eg høgda i ein boge, og kom rett på dei to små tjønnane under toppen. Lurte litt på trasé opp, men gjekk til høgre for snørenna og til venstre for det våte berget med mange småbekkar. Følgde fine grøne renner opp ein avsats, og derifrå dels svaberg, dels snøfenner heilt opp. Til forskjell frå steinurene i Alvdal vestfjell på tysdag, må eg seie at dette landskapet var ei nyting å gå i. Lyng, gras, svaberg, og snøfenner høgare opp. På toppen bles det friskt, men det var så varmt, at eg sat i sveitt t-skjorte i ei lun skorte, og kunne nyte utruleg flott dag og utsikt i alle retningar. Eg brukte 2 timar og 6 minutt opp, eksklusive ei teknisk pause på den første vesle varda toppen. Gjekk nesten same vegen ned, men ei litt lågare linje tilbake. Likevel tørre flate svaberg og freistande lyngbakkar. Fann eine halvdelen av eit stort reinsdyrgevir, heilt kvitt lyste det i lyngen. 13 takkar. Eg tok det med meg. Nedturen brukte eg 1 time og 50 minutt på. Gåtida mi i dag var altså knappe fire timar. Blir litt blenda av desse som brukar halve tida! Men trur nok at få har hatt finare forhold enn eg hadde i dag på denne turen. Harde fakta: 3 timar og 56 minutt + lang matpause. 790 hm. gps'en seier 8 km opp og 7 ned..? Så dette kan ein ikkje stole på. Otto og Inger Lise har logga 11 km. Eg gjorde nok ein litt større boge enn dei på veg inn i alle fall. Så prøver meg med 12.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.