På sparket til Elgshøgda (20.07.2016)  3

Written by bakken59 GSM

Characteristic Trip by foot
Duration 1h 30min
Distance 5.0km
Vertical meters 231m
Map
Ascents Elgshøgda (537m) 20.07.2016

Overnatta etter gårsdagens kraftanstrenging på Halland camping. Rimeleg og bra! Bråbestemte meg i dag tidleg og snudde mot Berkåk i staden for å halde fram til Trondheim (målet med turneen er altså Mo i Rana i morgon torsdag). Køyrde ned vakre Rennebu for første gong, greidde sjølvsagt å køyre feil etter Løkken, eg køyrde heilt til Svorkvatnet før eg tok meg innatt. Og ved Solsjøen greidde eg heller ikkje å finne rett veg, der eg sat og brukte nettet i bilen. Køyrde bomvegen mot hyttefeltet Søton utan å betale (har jo ikkje myntar i lommebok lenger) og parkerte der vegen sluttar. Utan kart Busha eg på retningssansen oppover, og gjekk rett på hytta i sørenden av den store myra og så rett opp. Brukte 41 minutt. Toppen var fin, masse moltekart over heile topplatået. Nedover greidde eg utruleg nok å rote, følgde ein stig nordover frå toppen i staden for den mot vest, og vips blei eg litt desorientert. Eg gjekk på statskogs hytte Elgshøgdbua, men fann ikkje att den andre større hytta. Utruleg. Så eg gjekk på telefon-GPS, og tulla ein del rundt før eg kom meg ned att. 51 minutt ned. Klokka mi seier 6,4 km, men eg ser andre har målt 5 frå parkeringa eg ikkje fann. 231 hm. Flott vêr, men litt mykje insekt på toppen. Myggstiften låg også i bilen. Tulletur utan førebuing. Kjende meg litt dust som gjekk med telefon og iPad over myrene! Dette var min første topp i Sør-Trøndelag, og dermed har eg registrert toppar i alle fylke. Loggar kveldsturen 25 mil lenger nord for seg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.