Treningstur til Kvannebakkbu (20.07.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Befring (308m)
Endpoint Befring (334m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 42min
Distance 17.3km
Vertical meters 1,314m
GPS
Ascents Snoadvarden (1,520m) 20.07.2016

Har vore litt dårleg vær i det siste og ein soldag er reine skjære vitaminsprøyta! Ei stund sia eg har vore oppom Kvannebakkbu, og lysta var no tilbake for å prøve å springe opp. Kroppen kjennast endelig restituert etter operasjonen tidlegare i år. Ferdig på jobb kl 14.00 så eg hadde framleis ein lang turdag føre meg i godværet. Starta ifrå Befring Kraftstasjon og ved parkeringa lengre oppe, sto det mange bilar. Ferietider, strålande vær og så er det jo ein indrefilet av eit naturområde i Jølster. Eg mumla noko om at det var litt varmt oppe i bakkane, då eg passerte ein turgåar! I forbifarta var han rask å svare at vi kan ikkje klage!! Nei, nei og atter nei og selfølgelig ikkje.... høyrde eg meg sjølv preike på vidare oppover! Skulle berre ønske eg hadde ein liter med vatn då :) I Strupen traff eg på ein familie på veg ned, eg rakk bua i dag på 1.22 min. Tok meg god tid til å nyte roen og stilla i solveggen, nyte synet av fjella og breen ilag med ei brunostskive og ein halv pakke med peanøttsjokolade. Fotograferte litt før eg sprang mot heimveg og med ein stadig tilbakevendande tanke! Herregud så priviligert eg er som kan nyte sånne stunder.

Ifrå Befringsdalen mot Kvannebakknova og Jostedalsbreen
Ifrå Befringsdalen mot Kvannebakknova og Jostedalsbreen
Ifrå Snoavarden mot Bjørga 1551 moh
Ifrå Snoavarden mot Bjørga 1551 moh
Jostedalsbreen
Jostedalsbreen
Må berre ta bilder av desse Issoleiene....Heile Kvannebakknova var dekka denne gongen av den nydelige fjellblomen
Må berre ta bilder av desse Issoleiene....Heile Kvannebakknova var dekka denne gongen av den nydelige fjellblomen
Kvannebakkbu ei flott nødbu å overnatte i
Kvannebakkbu ei flott nødbu å overnatte i
Ned mot Strupevatnet
Ned mot Strupevatnet
Mot Befringsdalen
Mot Befringsdalen
Min aller beste følgesvenn og dei beste skoa som finnast! Håper dei held nokre fine turar til....
Min aller beste følgesvenn og dei beste skoa som finnast! Håper dei held nokre fine turar til....
Befringsstøylane
Befringsstøylane

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.