Vestnes: Hoemstinden, Sandfjellet, Øspetinden og Storknubben (20.07.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Sakselia parkering (240m)
Endpoint Sakselia parkering (240m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 49min
Distance 20.2km
Vertical meters 1,750m
Map
Ascents Hoemstinden (927m) 20.07.2016
Sandfjellet (1,041m) 20.07.2016
Søre Sessknubben (1,178m) 20.07.2016
Storknubben (1,208m) 20.07.2016
Øspetinden (1,228m) 20.07.2016

Ein verkeleg flott turdag med Kjetil. Parkerte ved Sakselia og fulgte god sti mot Hoemstinden. På toppen der møtte vi ein kar med United-t-skjorte. Sidan vi heia på United i 20LEgend sine glansdagar var dette reine icebreakeren og praten kom raskt i gang. Vidare til Sandfjellet der vi hadde matøkt. Vart einige om å droppe diverse småtuer som feks Blåfjellet 1043, og korte ned turen til dei pf 100 som låg i løypa. Gjekk til Hoemsskaret og fin rygg til Øspetinden. Vi hadde sett på avstand på egga mot Storknubben og var spent. Frå Øspetinden ser ein ikkje noko av klyvinga. Dette vart ei spennande økt med leiting etter beste veien og lett fin klyving. Ikkje noko spesielt gale, men ikkje for dei som er skvettne av seg. Kjetil som har begrensa erfaring i tinderangling av denne sorten klarte seg utmerket. Vi var kjempefornøgde på Storknubben, ei skikkeleg fin runde nesten i boks. Frå Storknubben gjekk vi langs ryggen eit stykke vestover før vi fann ein ok plass å gå ned i nordsida. Så gjekk vi nordover Veslknubben, til Sessetra og veien tilbake til Sakselia.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.