Lang dag i Alvdal vestfjell (19.07.2016)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 8h 15min
Distance 25.0km
Vertical meters 1,600m
Map
Ascents Gravskardhøgda (1,767m) 19.07.2016
Store Sølnkletten (1,827m) 19.07.2016

I går sykla eg inn til Breisjøsetra frå parkeringa nedafor Sjølisetra. Merk at vegen oppover ikkje er den rett ved parkeringa, men den eit par hundre meter før plassen (med bom). Dårleg merking, eg starta feil på same måte som andre eg møtte på hytta. Slitsame tre kilometer oppover på dårleg underlag, eg trilla sykkelen for ein del. Så 7 km med fallende tendens, men laber fart pga dårleg vegstandard. Rakk ein dusj før middag kl 1800. La meg tidleg og vakna tidleg. Værmeldinga var litt halvvegs, og sidan Sølnkletten låg i morgensol med skarpe konturar, bestemte eg meg for å nytte dagen, og drog i veg kl 0700. Ein bolle frå i går, og ein solo og kvikklunsj frå resepsjonen raspa eg med meg. Aggregatet var enno ikkje starta, og frukost var det ikkje før 0830. Starta i sol og t-skjorte, og gjekk jamnt og roleg. Stikrysset brukte eg vel ca 50 minutt til, og så bar det oppover. 2 timar og 2 minutt inkludert to små tekniske pausar. Sola gjekk, og det bles meir, og akk - ein skydott dekte til toppen. Så den vidgjetne utsikten såg eg ikkje då eg kom opp. Åt ein slags frukost i den mura kvea rett nedafor toppen. Så nedatt, møtte 4 + 2 hyttegjester frå i går kveld på veg opp i 10-tida. Eg var nede før 1100, hadde brukt 3 timar og 35 minutt eksklusive den vesle frukostrasten. 874 hm. GPS-klokka mi logga 13 km, men den har vist for mælt upåliteleg i det siste, for mykje gjennomgåande. Må sjekke mot nettet denne distansen. (Skal vere 6-7 km!) Eg gjekk altså aleine.

På hytta bestilte eg karbonadesmørbrød med speglegg, som smakte heilt topp. Det byrja å regne ute medan eg sat og lurte på kva eg skulle ta meg til resten av dagen, for Gravskardhøgda hadde eg altså tenkt å spare til heimturen i morgon. Etter ein times restitusjon bestemte eg meg rett og slett for å sjekke ut, ta på regntøy, og sykle til løypekrysset litt oppi vegen. Regnet stoppa opp, eg låste sykkelen ved varden og letta ryggsekken for overnattingsgreier. Så bar det innover etter fin t-merkt stig. Eg brukte vel 1 time og 20 minutt opp til Gravskardet. Fantastisk forhistorisk jaktanlegg der oppe ! To fint murte graver, til jegarar med spyd kanskje? Og steingjerde som opphaveleg har stengt heile skardet. Opplagt kva namnet viser til! Det to gravene er veldig markert namnemotiv. Så var det oppturen da. Eg hadde litt bange aningar på vegen oppover, for sidene på fjellet var både for bratte og for urete for meg. Men vel framme i skardet såg eg at ei relativt slakare fjellside fanst litt lengre framme. Likevel skar eg opp til venstre for tidleg, og det var småekkelt med våt ur og litt for bratt. (Men iKkje så ille som ura opp til Istinden i Kåfjord!) Knappe 300 hm opp ura som etter kvart flata ut, og steinene blei mindre dessutan. Men eg gjekk inn i skydott igjen! Og denne toppen hadde eg sett fri for skyer heile vegen oppover! Ergerleg. Men 50 meter frå varden sprakk det utruleg nok opp, og Rondane steig fram vest for meg. Brukte 2 timar og 20 minutt opp. Rasta med dunjakke, lue og hanskar der eg sat meg ned i så lun grop eg kunne finne. Ganske surt likevel. Nedatt fann eg sporet av ein stig litt lenger vest enn der eg hadde strevd meg opp i bratta. Eg tok meg god tid, sette opp fem små vardar for at andre skal finne dette mykje betre sporet. Kjende at eg hadde grei kontroll ned. Så bar det ned til sykkelen. Eg brukte eit minutt lenger ned enn opp, det var vardinga si skuld. Alt i alt 4 timar og 41 minutt netto gange. Klokka viser 18,5 km. Må vel også vere i overkant. Høgdemetrane var 735. Dagen blei avrunda på sykkel. Ganske mør då eg nådde bilen kl 1900, men svært stolt over innsatsen. To flotte toppar, 8 timar og 15 netto gange, 1600 hm utanom dei på sykkel og 10 km sykling. Men distansen pr fot kan umogleg vere 31 km vel? (Har no sjekka mot 500 fjell sin turrapport, som gjorde same turen, men sykla begge strekka same dag. Han loggar 42 km. Trekkjer ein frå 20 km på sykkel, er det 22 att, men ser av GPS-sporet til 500-fjell, at han har jogga (?) ei rute rett opp austflanken av Gravskardhøgda. Eg vurderte det som umogleg...Uansett, det gir vel meg ca 25 km PR fot i dag. Tur-retur Storsølnkletten er ifølgje fasit ikkje meir enn 6-7 km. Hersens GPS-klokke!)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.