Gjendealper (09.07.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Gjendebu (965m)
Endpoint Gjendebu (965m)
Characteristic Hillwalk
Duration 13h 20min
Distance 26.2km
Vertical meters 2,495m
GPS
Ascents Kvitskardoksle (2,065m) 09.07.2016
Kvitskardtinden (2,193m) 09.07.2016
Langedalstinden (2,204m) 09.07.2016
Midtre Langedalstinden (2,045m) 09.07.2016
Søre Langedalstinden (2,030m) 09.07.2016
Mesmogtinden (2,264m) 09.07.2016
Midtre Svartdalspiggen (2,065m) 09.07.2016
Nørdre Svartdalspiggen (2,137m) 09.07.2016
Store Svartdalspiggen (2,174m) 09.07.2016
Søre Svartdalspiggen (2,065m) 09.07.2016

Det er alltid kjekt å være fleire på tur! Geir Arne Garm (Gal Krokfot) manglar fortsatt ein del 2000 m toppar som ikkje eg har vore på. Denne helga passa perfekt, men været var noko uryddig for helga. Lenge sidan eg har vore innom 2000 m toppar og eg kjenner alltid ein lengsel etter dei turane. Geir Arne hadde denne gangen planen over ruta og toppane og visste kva eg mangla. Vi tok første båt ifrå Gjendesheim kl 07.45. På båten fekk eg endeleg helse på Jørn Atomsilda (Jørn Håvard Ask)og Odd Arne Madsstuen som begge har samla 2000 moh toppane. Kjekt at dei ville være med på turen. Dei skulle være med over Svartdalspigger, Langedalstind, Mesmogtind og tilslutt Kvitskardtinden. Derifrå var planen til meg og Geir Arne å fortsette til Leirungstind via Svartdalsbandet så til Leirungskampen, vidare ut Kalvehøgda og til Heimdalsmunnen. Der hadde vi parkert Geir Arne sin bil. Sidan tjukk skodde og nedbør gjorde det litt meir komplisert og tidkrevjande! tok vi etterkvart ei beslutning om å korte ned på turen som det mest fornuftige. Etter siste tur ilag på Mesmogtinden fortatte Odd Arne og Jørn vidare til Kvitskardtinden og tilbake til Gjendebu. Eg og Geir Arne tok avstikkaren bortom Midtre og Søre Langedalstind. Vidare russla vi opp Kvitskardtinden der Geir Arne tok ein liten strekk, medan eg var nedom Kvitskardoksle og oppatt til Kvitskardtinden for litt fotoshot. Returen ned att gjekk som ein leik i slush snø i spora til Jørn og Odd Arne. Gjendebu nådde vi til Kl 22.45. Der venta ein særdeles fin overraskelse med 3 retters middag og tilslutt koselig prat med litt rødvin på Gjendebu.
Takker Geir Arne, Jørn og Odd Arne for triveleg tur!

Tid til nista og den gode praten!
Tid til nista og den gode praten!
Svartalspigger
Svartalspigger
Ifrå Mesmogtinden 2264 m
Ifrå Mesmogtinden 2264 m
Ifrå skaret mellom Langedalstinden og Mesmogtinden
Ifrå skaret mellom Langedalstinden og Mesmogtinden
Mot Kvitskardtinden 2193 m
Mot Kvitskardtinden 2193 m
Ifrå Kvitskardtinden 2193 m mot Torfinnstindane
Ifrå Kvitskardtinden 2193 m mot Torfinnstindane
Mot Kvitskardtinden
Mot Kvitskardtinden
Ifrå Kvitskartinden ned mot Svartdalen
Ifrå Kvitskartinden ned mot Svartdalen
Ifrå Kvitskartinden ned mot Svartdalen...fin retur :)
Ifrå Kvitskartinden ned mot Svartdalen...fin retur :)
Ifrå Kvitskartinden ned mot Svartdalen...fin retur :)
Ifrå Kvitskartinden ned mot Svartdalen...fin retur :)
Nydeleg kveldstemning i Svartdalen og tilbake til Gjendebu
Nydeleg kveldstemning i Svartdalen og tilbake til Gjendebu
Lett klyv opp mot Mesmogtinden
Lett klyv opp mot Mesmogtinden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.