Tåråfjellet (17.07.2016)  3

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 30min
Distance 7.8km
Vertical meters 561m
Map
Ascents Tåråfjellet (826m) 17.07.2016

Køyrde frå hytta kl 1100, og tok vegen Seljord - Bø. Tok av mot Sommarland og Notodden. Rett etter Vatnarvatnet, tok vi opp til høgre mot Brennekåsa. Spurde om vi fekk parkere i utkanten av tunet, og det var greitt. Følgde litt gjengrodd traktorvei bratt opp til der ein krysser bekken mot nord. Derifrå var det stig til setra Hankvarstulen. Litt trist å sjå alle desse setrene som gror att og fell ned. Her stod det eit sel, og ruinane etter fjos. Herifra gjekk vi på GPS i retning den merkte stigen som vi etter kartet skulle kome innpå verst for Sandvatn. Det gjorde vi ikkje, den er feilmerkt på n50, for den går faktisk heilt nede i strandkanten. Vi kryssa myrdraget som skiller Tåråfjellet frå nuten vest for Sandvatnet. Så klatra vi oppover, og rett under toppen kom vi endeleg inn på den blåmerkte stigen. Vi rota vel ærleg talt litt for mykje mellom stulen og toppen, men brukte dryge to timar opp. Skiftande skydekke og litt vind på toppen, gjorde opphaldet litt surt, men utsikten var heilt upåklageleg! To toppkasser for sikkerhet skuld, Bø og Heddal gjer begge krav på denne turen. Heim att følgde vi den blåmerkte stigen heilt forbi dei store myrane før vi skar rett ned til Hankvarstulen att. Veldig vått! Eg hadde gått ned i eit myrhol til kness med eine foten på veg opp, men myrane nedover gjorde begge føtene og leggene like våte. 7,75 km, 3,5 time, 561 hm. Tom og Uncas var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.