Kvannfjølli (03.07.2016)

Written by Snusmumrikken (Rune Hana)

Map
Ascents Kvannfjølli (1,537m) 03.07.2016

Fin tur i overskya vær, passa temperatur.
Me gjekk frå der bommer er låst, kjørte så langt me kunne i betalingsbommen 50,-
På veg opp så fant me ein kronglete sti lang elva som går ganske nærme vegen.

Etter det så følgte me merka sti innover Byrtedalen mot Tjønnbrotbu, fantastisk terreng.
Brekte av stien litt etter den hadde kryssa elva og kommi opp på flata der.
Då gjekk med rett opp lia Sør- Sør-vestleg retning rett mot toppen.

Då me gjekk ned igjen så fann me ut at det stemte det me såg på veg opp at det var mykje betre og krysse elva lenger nedanfor enn der som det er merka at du skal krysse på stien til Tjønnbrotbu.
Her tippar eg ein kan gå tørrskodd med Fjellsko på seinsommaren.
No i starten på Juli var det fortsatt mykje smeltevatn og snø igjen så da måtte skoa av, men det er mykje finare sand/fin grus grunn og krysse lenger nede.

Turen var rett i underkant av 25km T/R i frå der bommen er låst.

Ca 8timar med pauser.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.