Rauma: Setnesfjellet, Svartebottstinden og Grisetskolten (12.07.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Veblungsnes (10m)
Endpoint Grisetbakken (135m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 24min
Distance 16.8km
Vertical meters 1,900m
Map
Ascents Brøttfonntinden (1,171m) 12.07.2016
Grisetskolten (1,068m) 12.07.2016
Setnesfjellet (1,238m) 12.07.2016
Svartebottstinden (1,207m) 12.07.2016
Ølmannstinden (1,161m) 12.07.2016
Nordre Ølmannstinden (1,027m) 12.07.2016
Visits of other PBEs Nuken utsiktsplass (320m) 12.07.2016

Parkerte på Veblungsnes på ein stor plass rett før kyrkja. Gjekk opp Tuenvegen og så første til høgre. Til venstre borti veien eit stykke og kom igjen til ei gate som heitte Tuenvegen. I enden av denne over eit gjerde og så på sti til masta på ca 750 moh. Terrenget var fuktig, og mykje vegetasjon gjorde at eg var søkkvåt når eg kom til masta. Skodda var grauttjukke og eg måtte berre prøve hugse litt kva eg hadde lest. Gjekk oppover og litt til venstre inn i nokre sva/rennesystem. Her knota eg ein del og gjekk nok ikkje enklaste veien. Kom opp med blod på knea, og var helsika glad for at eg ikkje skulle finne denne på vei ned i skodda. Så var det lett til Setnesfjellet. 2.15 opp der, greitt nok det. Gav meg forholdsvis god tid utover dagen og såg vel ikkje så mykje før eg kom til Grisetskolten. Avtalte med Jan Petter 1730 henting på parkeringsplassen i Innfjorden. Så vart det nydeleg middag i Isfjorden.

Frå utsiktsplassen Nuken. Dette var vel bortimot det siste eg såg denne dagen. Mykje skodde gjer at resten av fotoa er via skilting mm.
Frå utsiktsplassen Nuken. Dette var vel bortimot det siste eg såg denne dagen. Mykje skodde gjer at resten av fotoa er via skilting mm.
På Setnesfjellet. Skodda letta litt innimellom slik at eg såg delar av ruta vidare. Kasse med lita bok som vart signert
På Setnesfjellet. Skodda letta litt innimellom slik at eg såg delar av ruta vidare. Kasse med lita bok som vart signert
Frå Setnesfjellet og første del av ruta vidare mot Ølmannstinden.
Frå Setnesfjellet og første del av ruta vidare mot Ølmannstinden.
Klippestasjon på Ølmannstind, eller Sautind som den nok også heiter då.
Klippestasjon på Ølmannstind, eller Sautind som den nok også heiter då.
Svartebottstinden dessverre og i skodda. Skulle gjerne hatt litt utsikt herifrå men slik er det. Forholda var ellers glimrande med vindstille og fin temperatur.
Svartebottstinden dessverre og i skodda. Skulle gjerne hatt litt utsikt herifrå men slik er det. Forholda var ellers glimrande med vindstille og fin temperatur.
Fann stikrysset og den overraskande motorveien mot Grisetskolten. Sette igjen sekken her og trava til siste topp.
Fann stikrysset og den overraskande motorveien mot Grisetskolten. Sette igjen sekken her og trava til siste topp.
Grisetskolten ja. Kasse og bok her og.
Grisetskolten ja. Kasse og bok her og.
Litt sikt på Grisetskolten.
Litt sikt på Grisetskolten.
Stikrysset merka med stor varde og god skilting.
Stikrysset merka med stor varde og god skilting.
Presten heiter det her ved stikrysset.
Presten heiter det her ved stikrysset.
På Førnakkjinnj stod denne flotte infotavla.
På Førnakkjinnj stod denne flotte infotavla.
Kart over området med avmerking av alle stadnamna
Kart over området med avmerking av alle stadnamna
Her må ein halde tunga beint i munnen
Her må ein halde tunga beint i munnen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.