Rauma: Gamlestølsfjellet (10.07.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Tuten (480m)
Endpoint Tuten (480m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 00min
Distance 12.3km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Gamlestølsfjellet (1,528m) 10.07.2016
Visits of other PBEs Sjøbolhytta (750m) 10.07.2016
Jan Petter på Gamlestølsfjellet. Denne har han hatt i tankane ei stund.
Jan Petter på Gamlestølsfjellet. Denne har han hatt i tankane ei stund.

Ein kjempeflott dag i Romsdal. Valgte ein ikkje altfor krevande tur. Meldingane for ettermiddagen var tilskyande, og dessutan venta Jan Petter familien heim. Parkerte på god parkeringsplass ved Tuten, eit klingande namn. Fulgte god traktorvei/sti til Sjøbolet. Godt merka og lett å finne fram. Sjekka innom den åpne hytta. Her kan ein overnatte og fiske til ein rimeleg penge. Veldig godt tiltak med alle desse hyttene i blant anna Rauma og Nesset. Gjekk over demninga og fulgte ein sti eit lite stykke før vi tok av oppover sida. Vegetert og frodig, ingen sti å finne. Men det gjekk likavel unna. Når vi kom oppunder fjellet runda vi ein nabb på vestsida, gjekk litt høgre og så til venstre igjen over nokre store svaparti. Etter dette lett til ryggen og til topps. God tid på toppen til å peike ut og namnsette toppar i alle himmelretningar. Retur den same veien.

Nesten nede ved parkeringa møtte vi Palmer Øverland. Han er ei av ildsjelene i "For fattig og rik". Han hadde så mykje på hjertet at GPSen til Jan Petter gjekk tom for batteri. Han er lommekjend i Innfjordsfjella og fortalde mykje om ruter og turar. Så kom vi inn på namn på fjelltoppar. Han var oppgitt over stadige endringar av namn. Heime kunne vi sjekke kart som Jan Petter hadde frå 70-tallet. Namna har flytta seg rundt ja.

Grønfonnfjellet, tidlegare Taskedalsfjellet
Sjøboltinden, tidlegare Grønfonnfjellet
Gamlestølsfjellet, tidlegare Sjøboltinden

Etter ein halvtime takka vi for ein svært interessant og morosam samtale og kom oss heim.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.