Rauma: Storeslem på Trollstigen (08.07.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Trollstigen (730m)
Endpoint Trollstigen (730m)
Characteristic Hillwalk
Duration 12h 03min
Distance 21.8km
Vertical meters 2,600m
Map
Ascents Breitinden (1,797m) 08.07.2016
Breitinden Sørvest (1,622m) 08.07.2016
Lille Breitinden (1,720m) 08.07.2016
Stigbotthornet (1,597m) 08.07.2016
Vestre Stigbotthornet (1,583m) 08.07.2016
Østre Stigbotthornet (1,530m) 08.07.2016
Stigfjellet (1,464m) 08.07.2016
Storgrovfjellet (1,629m) 08.07.2016
Trollryggen (1,725m) 08.07.2016
Store Trolltinden (1,788m) 08.07.2016
Visits of other PBEs Bruraskaret (1,550m) 08.07.2016
Frokostplassen (1,315m) 08.07.2016
Stabbeskaret (1,431m) 08.07.2016
Ein av årets finaste turar. Her frå Store Trolltind mot Trollryggen og Romsdalen.
Ein av årets finaste turar. Her frå Store Trolltind mot Trollryggen og Romsdalen.

Status Møre og Romsdal pf 100, 961/1156

Jan Petter er lett å få med på tur. Ordna seg fri frå jobb og stilde på Trollstigen kl 0900. Eg hadde hatt ei fortreffelig natt i bobilen. Runda var klar, stortur over 6 pf 100 + evt anna rask ein måtte gå over/få lyst til.

Tok først den vanlege ruta til Stigbotthornet, oppunder fjellet og så runda vi rundt i sørsida. Det mest spennande var mot Breitinden. Der var det flott klyving, ikkje noko spesielt vanskeleg. Storslagen utsikt frå Breitinden. Plukka så Trollryggen før vi gjekk nedigjen og inn på den vanlege ruta til Store Trolltind. Her møtte vi litt folk. Imponerande med ein familie med to gutar på ca 8-10 år. Dei karane fekk seg litt av ei oppleving. På retur møtte vi dei rett under blokka som må klyvast. Far hadde med ein taustump i sekken så dei kom seg nok opp. Verre var det at når vi kom til Frokostplassen vart det eit uver av dimensjonar. Om dei då var på toppen kunne dei vel finne ly i bua der oppe. Vi håpa på det. Synd om dei fekk øydelagt denne turen pga lyn og torden. Ca 10 stk til var på vei mot toppen og fekk seg ei skikkeleg bløyte. Vi klarte oss bra som låg under steinen ved Frokostplassen. Litt etter skein det opp igjen og vart veldig fint. Gjekk etter planen og plukka Storgrovfjellet før vi returnerte til Trollstigen. Kjempetur i boks, kjøpepizza og øl i Isfjorden etterpå.

User comments

  • -
    avatar

    Flotte bilder :)

    Written by Eikås 14.07.2016 20:18

    Nydelige bilder Ove og litt av ein rundtur. Bringer gode minner ifrå tidlegare fellesturar i dei områda der :) :)

  • -
    avatar

    Høyt over Trollstigen

    Written by otto 14.07.2016 18:22

    Storeslem mildt sagt, dette var utrolig flott. Imponerende bildeserie..

  • -
    avatar

    Flotte bilder...

    Written by JPV100 14.07.2016 07:31

    ...frå ein fantastisk tur!! Definitivt ein av årets beste! Og spesielt artig var egga opp mot Breitinden.

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by kobbenes 09.07.2016 07:59

    Fin runde!

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 08.07.2016 23:21

    Jaja...kunne ikke ha plukket med noen flere topper når dere var i støtet ??

    • -
      avatar

      trollhaugen

      Written by boven 08.07.2016 23:30

      Vi gjekk forbi fleire feks den mektige med oppdikta namn trollhaugen pf ca 2m

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.