Fint, langt og bratt frå nord (06.07.2016)

Written by toymt (Tommy Sævareid)

Map
Ascents Glitteregga (1,297m) 06.07.2016

Parkerte Vonlund grendahus. Her kan en kjøre opp til Nersætra eller Utigardsætra om en har 4-hjuls trekker. Bompenger kr.40. Vi gjekk opp til Utigardsætra, tok stien bak sætra. Den var smal men fin, stort sett rydda etter stormane dei siste åra. Det var bratt opp til Sætrefjellet, deretter ope og flatare. Stien var merkt til hytta halvvegs mot toppen. Deretter vart den mindre og vanskeleg å følgje. Vi runda mot sør, passerte nokre store snøfonner og gjekk ovwr den sørlege toppen før vi nådde Glittereggja.
Vi hadde ikkje veret på vår side, så det var lite å sjå. Kjekt å springe på snøfonnene ned igjen.
Totalt 22 km og 6 timar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.