Fin tur på toppar nordaust og nordvest for Dokka (06.07.2016)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Characteristic Hike
Duration 1h 39min
Distance 12.0km
Vertical meters 550m
GPS
Ascents Gjevlehaugen (719m) 06.07.2016
Vangsjøknatten (840m) 06.07.2016
Vardhaugen (570m) 06.07.2016
Visits of other PBEs Leikarvoll stadion - utgangspunkt Vardhaugen (500m) 06.07.2016
Snauhaug skistadion - utgangspunkt Gjevlehaugen (545m) 06.07.2016
Utgangspunkt Vangsjøknatten (625m) 06.07.2016

Ein fin tur, som merka seg ut ved at det var gode stiar og lett å finne fram til samtlege toppunkt.

Gjevlehaugen:
Start ved Snauhaug skistadion. Fin og god sti gjennom skog til toppen av Gjevlehaugen. Generelt god utsikt frå toppen. Også ein geocache her! GPS-spor berre lagt inn for denne toppen, turen vart på 6,0 km tur-retur og 242 høgdemeter tur-retur.

Vardhaugen:
Start ved Leikarvoll stadion. Enkelt å finne vegen til toppen, men stien/vegen var litt kjedeleg, pga skogsdrift i området. Men utsikten frå toppen var fin, med utsikt mot Dokka og Randsfjorden.

Vangsjøknatten:
Fin sti gjennom skogen. Bratt opp siste delen. Flott utsikt frå Vangsjøknatten, med utsikt over Vangsjøen, Dokka, Randsfjorden og område mot Begnadalen i retning Hønefoss. Sjå opp for stup rett ved toppen! Ned att ein annan veg, der det vart fin utsikt mot dalføret nord for Dokka.

Stor takk til Helselaget for god merking av gode stiar!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.