Trollhøtta-traversen + Pekhøtta (05.07.2016)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Søydalen P-plass (255m)
Endpoint Søyadalen P-plass
Characteristic Hike
Distance 18.5km
Vertical meters 1,500m
Map
Ascents Pekhøtta (1,396m) 05.07.2016
Sæterknobben (993m) 05.07.2016
Trollhøtta (1,299m) 05.07.2016
Trollhøtta (1,328m) 05.07.2016
Midtre Trollhøtta (1,272m) 05.07.2016
Trollhøtta NV (1,291m) 05.07.2016
Visits of other PBEs Søyadalen p-plass (255m) 05.07.2016

Det opna seg eit turvindauge, og sjølv om været var suboptimalt måtte ein smi raskt! Eg har lenge hatt lyst til å utforske den nordlige delen av Trollheimen. Då eg kom over særs fristande turrapportar frå Trollhøtta-traversen var valet enkelt.

Det vart subalpin start frå Trondheim, og regnbygene dura over Orkdalen. I følge Yr skulle dette bedre seg etter 12, og eg stod på parkeringa i Søydalen under skiftande skydekke.

Ettersom eg hadde fått med meg at både hundar og anna hadde vorte lurt over denne traversen tidligare tok eg sjangsen på fjelløpesko og tights. Light and fast. Fin sti oppover sætra, og fulgte så skilting og sti opp lia mot Trollhøtta og Snøhornet.

Sistnevnte sløyfa eg då eg hadde andre toppar i bakhovudet. For eksempel dei på andre sida av dalen. Det hadde imidlertid lagt seg ein skoddedott over topplatået på Blånebba, men skodda skifta raskt så eg hadde eit håp om at denne kunne løyse seg opp.

Eg var oppe på Sæterknobben etter ein time. Herifrå tok traversen seg meget pen ut. Raskt ned herifrå, og opp bakkane mot Trollhøtta Nord. Masse ryper oppi her, eg såg mellom 50-70 på heile turen. Det lovar bra for ein slunken bestand. Og så er det jo koselig også då.

Traversen tar seg pent ut frå Sæterknobben
Traversen tar seg pent ut frå Sæterknobben

På toppen av Trollhøtta 2 timar etter start. Her byrja moroa – egga til hovedtoppen. Dette er ikkje terrenget eg er mest fortrulig med, og den gamle høgdeskrekka lura i bakhovudet. Det var jo ein av grunnane til at eg var her ☺

1299-toppen og nordvest-egga sett frå 1291-toppen.
1299-toppen og nordvest-egga sett frå 1291-toppen.

Fint ned til skaret. Her støtte eg på klyveopptaket. Dette var ikkje luftig, men det var greit med litt klatrerfaring for å gå etter bøtta på toppen. Her var det to boltar, men om dei vil vere så mykje hjelp i er eg meir i tvil om.

Den meget pene søraust-ryggen på 1291-toppen. Skodda lurer i hælane på meg.
Den meget pene søraust-ryggen på 1291-toppen. Skodda lurer i hælane på meg.
Den skarpe delen av traversen.
Den skarpe delen av traversen.

Så kom meir klyving på den eksponerte egga. Dette var i grunnen den delen eg likte meg minst på. Ein ting er skarp klatring med tau, men usikra og luftig klyving, då stig pulsen. Vel, det er jo tross alt berre å konsentrere seg. Det var ikkje så innmari langt heller, og plutselig stod eg på toppen.

Pent mot 1328-toppen.
Pent mot 1328-toppen.

Då var klyvinga over, og vidare var det brei rygg vidare over midtoppen og opp på 1328-toppen. Nydelig stein på ryggen her. Er det granitt, skal tru? Eg må kome meg til Innerdalen for litt klatring snart. Varierte mellom gåing og jogging bortover ryggen.

På 1328-toppen 3 timar etter start. Tok ei skjevepause her og vurderte situasjonen. Beina kjendest bra og eg hadde god tid. Det hadde vore artig å gjort dette til Søydalen rundt, men skodda hang framleis over Blånebba. No byrja den å trekke over ryggen bak meg også. Hm.

Utrulig artig jogg ned toppskavlen på austryggen før eg byrja på ura opp mot Pekhøtta. Oppe her 3 ½ time etter start. Siste som hadde skrive seg i boka var i september 2015.

Tilbakeblikk på traversen sett frå 1328-toppen.
Tilbakeblikk på traversen sett frå 1328-toppen.

Her tok skodda meg att. Eg hadde eigentlig tenkt å gå via nordtoppen ned nordflanken til skaret mellom Pekhøtta og Blånebba, men nord for toppen var det berre skodde og snø. Dette likte eg ikkje. Eg gjekk same veg tilbake, og her kom også regnet.

Dagens toppunkt, ganske langt inn i fjellheimen til fots.
Dagens toppunkt, ganske langt inn i fjellheimen til fots.

Dette vart vendereis. Greit ned til skaret mellom Pekhøtta og Trollhøtta 1328, så litt veival ned svaa. Holdt høgda og gjekk til 1044-punktet. Fulgte så elva som kjem ned frå 1044-punktet gjennom uryddig terreng til austsida av elva i dalbotnen. Kom inn på stien her.

Dette minner om Royal Arches i Yosemithe. Eller er det her trolla kjem ut av fjellet skal tru?
Dette minner om Royal Arches i Yosemithe. Eller er det her trolla kjem ut av fjellet skal tru?

Fin sti, uten denne vert utmarsjen lang. Gikk og jogga ut mot sætrane. Såg både hjort og rype i den flotte bjørkeskogen. Det slo meg for ein flott dal Søydalen er, utan hytter, kraftutbygging og store turistinngrep. Berre nokon sætrar nederst i dalen. Dette er eit landskapsvernområde, og sannelig er det ikkje så veldig mange så uberørte dalføre rundtom (sjølvsagt sett vekk frå boltane på klyveopptaket).

Nydelig stemning i bjørkeskogen.
Nydelig stemning i bjørkeskogen.

Tilbake ved bilen etter 5 ½ time på tur, godt nøgd med det og med å ha gjennomført med fjelljoggesko. Artig å kunne nå over litt! Blånebba får eg ta ein finværsdag!

User comments

  • -
    avatar

    Kjappis

    Written by BjørnF 30.11.2016 15:08

    Ja dette må vel være rekord på denne turen.

    Boltene var der for 25 år siden. For den som ikke vil klatre er det mulig og gå rundt til høyre og klyve opp ei renne. Jeg har også slitt med høydeskrekk og første gang jeg gikk her var jeg nervøs. Gikk for andre gang i 2014 og da var alt bare fint selv om pulsen stiger litt på det mest luftige. Dette synes jeg er en fin runde, minuset er innerst i Søyådalen til en finner stien. Sti på begge sider av elva.

    • -
      avatar

      Sv: Kjappis

      Written by kobbenes 30.11.2016 17:20

      Eg såg beskrive den renna etterpå, men det gikk heilt greit å klatre opp der for min del. Dette med høgda er jo mest vane, og ryggen opplevdes ellers som trygg. Veldig flott og passelig utfordrande.

      Heilt einig med deg om stien. Finn ein ikkje den er det langt ut att. Kanskje den skulle hatt eit merke inst i dalen.

  • -
    avatar

    Kjappis

    Written by SturlaS 05.07.2016 23:34

    Det var en rask runde!

    De to boltene registrerte ikke jeg i fjor... Så de ut til å være nye?

    Skjønner ikke hvem som bolter oppå der. Er det noen som driver guiding over traversen mon tro.

    • -
      avatar

      Sv: Kjappis

      Written by kobbenes 06.07.2016 07:10

      boltane såg ikkje ut som klatreboltar, det var rett og slett to skruar som stakk ut kanskje 5 cm. Men dei var så korte at eg tvilar på om det var særlig til hjelp. Eg gjettar altså på bygdefolket.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.