Eventyrleg tur (30.06.2016)  5

Written by bakken59 GSM

Start point Maribukt
Endpoint Maribukt
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 42min
Distance 20.0km
Vertical meters 800m
Map
Ascents Gáranasčohkka (497m) 30.06.2016

Ferieturen går til Russland via Kirkenes. Difor starta Marit og ein dag tidlegare, leigde bil på Høybuktmoen og køyrde til Bugøynes. Mange ting litt uplanlagde: gløymd å ta kartutskrift, ikkje matbutikk eller bensinstasjon mellom flyplassen og Maribukt. Difor køyrde vi til Bugøynes og bunkra skikkeleg, og det var lurt, for då vi til slutt kom til Neiden fjellstue for å overnatte, var det ikkje mat og drikke å få kjøpt der (alt stenger kl 1900). Vi parkerte før ei lita bru med betonggjerde i Maribukt, følgde ein stig forbi hytter og ein liten dam med plastsvane, stigane gjekk jo stort sett til hytter, men det ER ein stig som går opp langs elva, først på høgre, så på venstre side. Ved Marivatn gjekk vi venstresida langs stigen innover, og så opp til neste vatn. Der var vakker teltplass på lyngbakkar, og ganske riktig ein teltgamme stod oppslått der i bjørkeskogen. Derifrå gjekk vi utan stig. Opp skaret til høyre og derifrå opp fjellryggen til høgre for skar med bekk. Då vi kom opp til toppen, såg vi kommunetoppen med kvit globe på høgt tårn. Men det stod på toppen av ein loddrett fjellvegg! Vi peila oss inn på ei renne mot høgre med graskledd ur, og litt snø øvst. Det gjekk heilt fint. Det viste seg at dette også var ein luretopp, så vi måtte litt ned att før vi kom ganske nær toppen. Men der låg det eit vatn med bratt fjellside rett opp mot tårnet. Vi måtte altså gå rundt vatnet, og heldt til høgre. Det var rett, vi kom greitt inn på stig, med ei form for merking, høge stoppar med piler ned og opp. Tyder det kabel i grunnen? På toppen var det tårn med kvit globe og hytte og diverse bunkersar og greier. Sjølve toppunktet var på nuten bortafor tårnet. Det hadde vore utruleg fint vêr heile vegen opp, sol og over 20 varmegrader og varm vind som heldt det verste av mygg borte. Vi rasta ved det andre vatnet i ein herleg lyngbakke. Men på toppen såg vi regnskurar som slør gli nærmare, og det endte med at vi sat under utstikkande tak ved tårnet medan skura varte i 10-15 minutt eller så. Vi hadde brukt 4 timar opp inkludert rast, GPS-sjekk fleire gonger, og litt fomlande vegval. Klokka mi viste opplagt feil distanse (16 km), så eg nullstilte og målte omtrent same vegval ned, 9,80 km ned, gir nok dryge 10 km opp. Veldig usikker då på vegvalet til Inger Lise og Otto, som rapporterer om 12 km opp og ned og 4 timar! Vi brukte 7 timar og 40 minutt og logga altså 20 km. Såg mange ryper, og ein rovfugl. Gjekk dessuten rett på eit reir med 8 egg. Rypa flaug opp. Heimturen gjorde vi unna på 2 timar og 40 minutt. Vakker kveldssol, og dessverre ikkje vind, så myggsvermane var tette! Vi hadde smurt oss godt inn, men ein ganske ekstrem oppleving uansett. Svelgde tre mygg av vanvare. I dag fann eg eit kart i bokhandelen i Kirkenes, der det er merkt av ein stig frå lenger ut mot Bugøynes. Det ser ikkje ut som distansen er kortare, men det hadde vore greitt å kunne følgje stig utan å bruke så mykje energi og tid på å sikre vegvalet (pr telefon). Møtte ingen, men to andre hadde skrive seg inn i t-boka på toppen same dag. Men så langt i juni var det vel ca 10 namn i boka, så ikkje mykje besøkt topp dette. Køyrde ganske møre til Neiden der vi hadde leigd hytte. Herleg med reinsdyrpate frå Bugøynes og brødskiver. 20 km, 7 t og 40 minutt. Ca 800 hm. Marit var med.

User comments

  • -
    avatar

    Eventyr

    Written by anneirik 04.07.2016 19:22

    Ja, dette kan jeg tenke meg var en tøff tur. Gleder meg til å høre mer. Gratulerer med Finnmarkstopp!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.