Nesset: Kaldberget (23.06.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Vistdal (5m)
Endpoint Vistdal (5m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 09min
Distance 15.5km
Vertical meters 1,190m
Map
Ascents Blåfjellet (817m) 23.06.2016
Husfjellet (799m) 23.06.2016
Kaldberget (1,013m) 23.06.2016
Rundhaugen (827m) 23.06.2016
Sandnebba (846m) 23.06.2016
Stornebba (718m) 23.06.2016

Det vart berre 1 tur denne dagen, og 1 skikkeleg topp. Parkerte på ei lita lomme der traktorveien til Øvregardsætra startar. Første hinder var igjennom eit inngjerda område med mykje storfe. Ikkje alle ville likt dette, men med nokre år i primærnæringane bak meg rusla eg roleg igjennom. På kartet mitt var ikkje veien teikna inn lenger enn til masta ca. Vart litt overraska når eg kunne følgje denne heilt til sætra. Sjølvsagt kjedeleg å gå vei, men det går no radig unna. God merking vidare, lett å finne fram. Planen var ei runde rundt heile dalen og kome ned til Gauprørsætra. Grunnen til dette var primært Rundhaugen som interpolert etter 20 m koter har ein primærfaktor på 99 m. Når ein først går ein tur bør ein ta med slike, med bedre kart kan det fort være at denne er 100. Prøvde måle dette men vanskeleg å finne ut av. Forskjell skar/topp ein plass mellom 97-102 meter eller noko slikt. Endrar ikkje denne på dette grunnlaget, ventar og ser an kva som dukkar opp av 5m-koter eller kanskje til og med 1m-koter. Gjekk heilt nord mot Gauprørnebba før eg tok ned mot sætra, her var det eit tydeleg dyretrakk langt nedover lia. Så var det berre den kjedelege veien igjen ned til bilen. Etter 8 dagar på tur, dei 7 siste åleine var kropp og haud klar for heimreise. Avslutta med burger på Esso i Åndalsnes, og kjøyrde heim over Trollstigen.

Merking mot Stornebba frå Øvregardsætra. God sti vidare frå Stornebba til Sandnebba.
Merking mot Stornebba frå Øvregardsætra. God sti vidare frå Stornebba til Sandnebba.
På Sandnebba er det kasse med bok, Vistdal IL.
På Sandnebba er det kasse med bok, Vistdal IL.
Frå Sandnebba mot Kaldberget. Gjekk rundtur ned til skaret til venstre og opp på Rundhaugen.
Frå Sandnebba mot Kaldberget. Gjekk rundtur ned til skaret til venstre og opp på Rundhaugen.
Over dalen mot Rundhaugen, veldig fin runde for å sleppe å gå same veien tilbake. I tillegg er Rundhaugen på grensa til pf 100. Prøvde måle dette men usikker. Enno berre 20 m koter i området, får vente til bedre kart kjem.

Kaldberget
Kaldberget
Sørover Vistdalen. Midt i bildet ser vi Kjøvhaugen og Kalvgjeltinden som eg var på 2 dagar før denne turen.
Sørover Vistdalen. Midt i bildet ser vi Kjøvhaugen og Kalvgjeltinden som eg var på 2 dagar før denne turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.