Travers ifrå Meneseggi til Melsnipa - Sogndal/Balestrand (18.06.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Menes (30m)
Endpoint Langehaugen (160m)
Characteristic Hike
Duration 8h 30min
Distance 21.8km
Vertical meters 2,369m
GPS
Ascents Hardbakk (1,460m) 18.06.2016
Sør for Hardbakk (1,375m) 18.06.2016
Harevollnipa (1,406m) 18.06.2016
Nord for Harevollnipa (1,317m) 18.06.2016
Melsnipa (1,547m) 18.06.2016
Saueggi (1,494m) 18.06.2016

Nydelige værmeldinger for denne helga også og då vil jo eg reise overalt!! Det står ikkje på ambisjonane! Men det skrumpar inn ilag med vissheita, om at døgnet ikkje har meir enn 24 timar. Starta forslaget så fint med ein nær topp i Jølster til Kvannefjellet nord 1712 moh Min siste Jølstratopp i samlinga. Men det passa dårleg for dei spurte denne gongen. Kvasshornet i Bremanger og Hawaii stemning på Grotlesanden vart det neste forslaget! Men sidan det atter igjen vart eit nytt trafikk uhell i ein tunnel der ute, så vart det også raskt skrinlagt. Tilslutt vart det bestemt at vi går for Melsnipa og det har vore tenkt som tur i nokre år. Iløpet av 5 min vart det bestemt med turstart i frå Meneset. Litt for laangt ut på dag kl 11.30 men så var vi omsider turklar. Ein kar stoppa ved parkeringsplassen der vi hadde strødd fjellutstyret vårt rundt om....Han såg litt på kl og lurte på om vi skulle langt til fjells. Jo...kanskje litt fjelltur! vi tenkte oss til Melsnipa. Det er då heldigvis lyst nesten heile natta så det må då gå bra! Dette var ein trivelig mann som hadde mange turlagsturar på denne ruta og var lommekjent i området. Turlaget legger opp til ca 12 t. Han var litt usikker på om vi ville komme forbi snøfonnene no på nordsida av Harvollnipa og andre fonner over "nokre" punkt men håpte og trudde at det skulle gå greit for oss. Eigentleg så var eg ikkje heilt tilpass med eit så seint startutgangspunkt. Eg hadde tenkt mange varianter for denne turen og med tur vidare til Fjærland. Men no var vi der, og skulle gå den fine traversen! Dei fjella, fjorden og det irrgrønne landskapet med dramatiske gjel og med snø på toppane. Snakke meg om kontrastar! Har lese rapporten til 500fjell (Sondre Kvambekk)

https://peakbook.org/tour/159531/Travers+fra+Meneseggi+til+Melsnipa.html
På turen tenkte eg litt på Sondre sin variant med ski over denne traversen. Det med dei gjela, skavlane og på ei rimeleg bra heftig tid. Første kneika på turen var å komme seg rundt Harevollnipa, der låg framleis ei bra fonn som stoppa oss. Det er ein bra tur utforbi her om ein sklir! Det vart klyving i temmeleg laust fjell og eg tenkte at dette var ikkje greit! Vi hadde ingenting av hjelpemidler med. Men med forsiktigheit kom vi oss rundt ganske så høgt på nordsida og under toppen. Derifrå vart det berre ein nydeleg opplevelse fram mot Melsnipa. Så kom skodda brått på og la seg tjukk, vi var på ei ny runde med litt usikkerheit! Det er ikkje alltid like lett å lese gps, skodde og snøskavler i bratt terreng og berre ein smal rygg å komme seg ned til neste platå. Medan vi sto der og studerte gps som viste på kartet at der framme ein stad, skulle det gå ein ganske grei rygg. Men usikkerheita var der! Så letta skodda som ved eit "trylleslag" i 20 sek og det var nok til å sjå det vi ville vite. Det kan være ganske store variasjoner i terrenget mellom kotane på kartet og med snøskavler. Vidare kom vi greit ned til støylane i Grøndalen og ein flott tursti heilt ned til vegen. Eit glas rødvin og norske jordbær smakte himmelsk nede ved Vetlefjorden. Ved midnatt var vi komt i teltet og sovepose ilag med ein nesten fullmåne, hærleg lyd av bølgeskvulp, fossefall i fjorden og fuglekvitter.
Takker for fin tur Brit Siv

Utsiktspunktet over Gaularfjellet og som skal være ferdig sommaren 2016. Arbeidskaren på bildet hadde Støylen sin i Grøndalen tvers over. Der vi hadde ein tanke om å komme ned. Fekk med litt lokalkunnskap som absolutt var kjekt å ha med på turen.
Utsiktspunktet over Gaularfjellet og som skal være ferdig sommaren 2016. Arbeidskaren på bildet hadde Støylen sin i Grøndalen tvers over. Der vi hadde ein tanke om å komme ned. Fekk med litt lokalkunnskap som absolutt var kjekt å ha med på turen.
Utover Sognefjorden ifrå Menes 786 moh ganske stillestånde og varmt oppover....
Utover Sognefjorden ifrå Menes 786 moh ganske stillestånde og varmt oppover....
Eg veit at det vil være bakstreversk å leve uten strøm og heller måtte godta desse stålmonstra som skjærer gjennom all idyll!!! Men..eg trur vi til sjuande og sist snakker profitt også her! Miljøet kan vi jo alltid sette på vent ei lita stund til.....det går nok bra!!
Eg veit at det vil være bakstreversk å leve uten strøm og heller måtte godta desse stålmonstra som skjærer gjennom all idyll!!! Men..eg trur vi til sjuande og sist snakker profitt også her! Miljøet kan vi jo alltid sette på vent ei lita stund til.....det går nok bra!!
Menesstølen
Menesstølen
Nydeleg utsikt over Vetlefjorden ifrå Harevollnipa 1406
Nydeleg utsikt over Vetlefjorden ifrå Harevollnipa 1406
Nydeleg utsikt over Sognefjorden og mot Vik ifrå Meneseggi
Nydeleg utsikt over Sognefjorden og mot Vik ifrå Meneseggi
Ifrå Harevollnipa 1406 moh. Bakerst Melsnipa 1547 og Trollakyrkja
Ifrå Harevollnipa 1406 moh. Bakerst Melsnipa 1547 og Trollakyrkja
Ifrå Harevollnipa 1406
Ifrå Harevollnipa 1406
Ifrå Nord for Harevollnipa 1317 mot Harevollnipa 1406
Ifrå Nord for Harevollnipa 1317 mot Harevollnipa 1406
Mot Harevollnipa 1406 og Vetlefjorden
Mot Harevollnipa 1406 og Vetlefjorden
Ned mot Vetlefjorddalen
Ned mot Vetlefjorddalen
Luftige og fine ryggar...
Luftige og fine ryggar...
Melandsgjela
Melandsgjela
Ein flott fjelltravers å sjå tilbake på...
Ein flott fjelltravers å sjå tilbake på...
Saueggi
Saueggi
Snart ved Melsnipa og skodda er begynt å legge seg over toppen!
Snart ved Melsnipa og skodda er begynt å legge seg over toppen!
Ved Melsnipa/Trollakyrkja og ned mot Trollabotn
Ved Melsnipa/Trollakyrkja og ned mot Trollabotn
Varden ved Melsnipa 1547
Varden ved Melsnipa 1547
Skodda låg tjukk ved Melsnipa 1547
Skodda låg tjukk ved Melsnipa 1547
Tilbake mot Utsikten og Nystølsvatnet 715
Tilbake mot Utsikten og Nystølsvatnet 715
På veg ned mot Grøndalen og vatnet 1207
På veg ned mot Grøndalen og vatnet 1207
Liten matpause/kvelds ved Grøndalen
Liten matpause/kvelds ved Grøndalen
Ved vegs ende ned Grøndalen og til Langehaugen ved Vetlefjorddalen
Ved vegs ende ned Grøndalen og til Langehaugen ved Vetlefjorddalen
Fantastisk å telte ved Vetlefjorden
Fantastisk å telte ved Vetlefjorden

User comments

  • -
    avatar

    fantastiske bilete

    Written by kobbenes 21.06.2016 07:32

    Ser ut som ein nydelig tur!

    Ellers einig i observasjonane om norsk miljøpolitikk. Vi skuslar vekk verdiane vi har her i landet. https://www.mdg.no/meld-inn/ ;-)

    • -
      avatar

      Sv: fantastiske bilete

      Written by Eikås 22.06.2016 18:30

      Takker for det :) He-he fin link du la ved ;) Melder eg meg inn så trur eg at eg blir så overengasjert at eg ikkje får tid til å gå på fjelltoppar :) Men det er faktisk viktig å engasjere seg i lokalsamfunna sine, våge å ta til ordet og stille konstruktive spørsmål.... Noko som vi nettopp har gjort i vår kommune. Det blir sannsynlegvis mange runder til i eit ganske så stort miljøprosjekt inntil nasjonalparken. Den har ein svimlande prislapp på mange vis!!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: fantastiske bilete

        Written by kobbenes 22.06.2016 20:41
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: fantastiske bilete

          Written by Eikås 29.06.2016 19:28
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.