Vassfjøra og Reinskardnuten (08.06.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Mjølfjell ungdomsherberge (670m)
Endpoint Mjølfjell ungdomsherberge (670m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 10h 15min
Map
Ascents Reinskardnuten (1,416m) 08.06.2016
Svana (1,396m) 08.06.2016
Vassfjøra (1,633m) 08.06.2016

Sykla opp til nordenden av Slondalsvatnet og bar så skia med meg på stien langs austsida av vatnet opp til elva nord for punkt 1028. Her blei det litt spektakulær elvekryssing på ei bratt snøfonn som låg over elva. Ganske stor vassføring pga snøsmeltinga. Kom meg greit over og her kunne eg ta på skia og gjekk langs vestsida av Kvannjolvatnet og på sørsida av Reinaskardnuten og Svana opp til Vassfjøro som er eit karakteristisk flott fjell synlig frå store deler av Hardanger. Har lenge tenkt eg må på Vassfjørå ei gong og dette blei ein perfekt dag til det. Mykje klarare ver og litt kjøligare denne dagen enn dagane før så utsikten var framragande mot bl.a Jotuntopper. Gaustatoppen var og lett synlig i kikkert. Vardeboka var dessverre gjennomblaut, og trenger torking.
Var oppom Svana og Reinskardnuten på tilbaketuren og gjekk over Kvannjolvatnet som ennå var godt farbart. Satte i frå meg skia ved elva nord for punkt 1028 for å fortsette skitur til Skorafjellet og Mjølfjellet dagen etter. Fulgte så stien og Rallarvegen ned igjen og kunne med dette sjå tilbake på årets finaste tur så langt.

Nordenden av Slondalsvatnet.
Nordenden av Slondalsvatnet.
Ljoneskrulen med Storeflåtten på Hardangervidda i bakgrunnen litt t.v. og Midtfjell litt t.h.
Ljoneskrulen med Storeflåtten på Hardangervidda i bakgrunnen litt t.v. og Midtfjell litt t.h.
Toppvarden på Vassfjøro med Hardangerjøkulen t.v. og Onen t.h.
Toppvarden på Vassfjøro med Hardangerjøkulen t.v. og Onen t.h.
Kvannjolvatnet sett frå Reinskardnuten.
Kvannjolvatnet sett frå Reinskardnuten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.