Skipanuten og Øykjafonn (07.06.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Mjølfjell ungdomsherberge (670m)
Endpoint Mjølfjell ungdomsherberge (670m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 9h 00min
Map
Ascents Fløyelsbråten (1,521m) 07.06.2016
Sauafjellet (1,338m) 07.06.2016
Skipanuten (1,499m) 07.06.2016
Øykjafonn (1,604m) 07.06.2016

Vandrerhjemmet var midlertidig stengt, men det var greit for min del. Fant ein grei parkeringsplass til "bubilen" rett nedanfor og slo leir for nokon dagar.
Sykla rallarvegen oppover Uppsetdalen til litt forbi Rundavatnet og gjekk deretter over bru over elva og gjekk eit kort stykke opp den bratte nordsida før eg kunne ta på ski på ca 850 moh. Ikkje heilt heldig med veret da skoddeskyer la seg nedpå toppane utpå dagen, men slapp heldigvis nedbør.
Gjekk i vestsida av Øykjafonn da sjølve nordryggen såg bar ut, og var fyrst på Skipanuten og så Fløyelsbråten og Øykjafonn. Burde heller tatt Øykjafonn fyrst! Skodda låg på rundt 1450 moh så eg fekk problem med å finne rett veg ned frå Øykjafonn uten nymotens navigasjonsutstyr. Skulle nordover og hadde NV laber bris å orientere meg etter, men hamna plutselig ein plass med bratt avgrunn under meg. Då var eg tydeligvis komen for langt mot aust og måtte litt opp igjen og halde meir nordlig kurs. Kom meg omsider under skylaget og såg då ned på Kaldevatni og Kaldevasshytta og kunne så renne greit ned dit og fylgje nokonlunde sommerstien et stykke vidare nordover via tjern 1158 og gjekk så oppom Sauafjellet der det blei skibering i sørsida.
Så greit nedrenn på nordsida og rant meste heilt ned til Uppsete Fjellstove før skiføret tok slutt. Så var det bare å traske eit kort stykke på Rallarvegen før eg kunne sykle ned igjen til vandrerhjemmet.

Rallarvegen langs Langavatnet i Uppsetdalen.
Rallarvegen langs Langavatnet i Uppsetdalen.
Ved Trettehaugen mot nordvestryggen til Øykjafonn der eg gjekk i vestsida t.h.
Ved Trettehaugen mot nordvestryggen til Øykjafonn der eg gjekk i vestsida t.h.
Utsyn nordover til Uppsete og Breidalen bak.
Utsyn nordover til Uppsete og Breidalen bak.
Sørvestover mot Fagerdalsvatnet 1107 moh med Skorafjellet og Mjølfjellet bak.
Sørvestover mot Fagerdalsvatnet 1107 moh med Skorafjellet og Mjølfjellet bak.
På Skipanuten idet skodda kjem snikande.
På Skipanuten idet skodda kjem snikande.
På Fløyelsbråten mot Øykjafonn.
På Fløyelsbråten mot Øykjafonn.
På toppen av Øykjafonn og kun 10-15 meter sikt.
På toppen av Øykjafonn og kun 10-15 meter sikt.
Frå vestsida av Sauafjellet nedover Uppsetdalen.
Frå vestsida av Sauafjellet nedover Uppsetdalen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.