Storebottseggi (06.06.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Lid (460m)
Endpoint Lid (460m)
Characteristic Hike
Duration 4h 00min
Map
Ascents Storebottseggi (1,032m) 06.06.2016

Fulgte traktorveg eit kort stykke opp og vestover og prøvde å finne sti gjennom skogen, som er inntegna på kartet, men stien var tydeligvis ikkje i bruk lenger. Enkelte raude piler viste veg men måtte stort sett bare finne min eigen veg gjennom skogen opp til Håset. Der kom det traktorveg opp frå vest som ikkje var inntegna på mitt kart. Vidare fant eg sti et stykke oppover til eg kom over tregrensa. Fin utsikt frå toppen til fjellryggen sør for Raundalen med bl.a Horndalsnuten og Olsskavlen som ennå har mykje snø på nordsida over 1000 moh. På Storebottseggi var det kun enkelte snøfenner igjen. Gjekk ned igjen omtrent same veg som eg kom opp.

Gjenngrodd traktorveg eit stykke opp frå Li.
Gjenngrodd traktorveg eit stykke opp frå Li.
Enkelte sletne raude piler gjennom skogen.
Enkelte sletne raude piler gjennom skogen.
På Storebottseggi med Lønahorgi bak.
På Storebottseggi med Lønahorgi bak.
Utsikt nordover.
Utsikt nordover.
Søraustover mot f.v. Olsskavlen, Seldalsnuten, Skipadalsnuten og Horndalsnuten.
Søraustover mot f.v. Olsskavlen, Seldalsnuten, Skipadalsnuten og Horndalsnuten.
Stølen på Håset.
Stølen på Håset.
Lauvsangerreir med 7 egg som eg fant i ein skråning i skogen på veg ned mellom Håset og Li.
Lauvsangerreir med 7 egg som eg fant i ein skråning i skogen på veg ned mellom Håset og Li.
Kort fotostopp for å forevige reir og hekkefugl.
Kort fotostopp for å forevige reir og hekkefugl.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.