Tveitakvitingen og Høganovi (03.06.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Kvamskogen (360m)
Endpoint Kvamskogen (360m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 11h 00min
Map
Ascents Gråfjellet (1,034m) 03.06.2016
Gråskorvenuten (970m) 03.06.2016
Høganovi (1,101m) 03.06.2016
Langavassnuten (798m) 03.06.2016
Såta (802m) 03.06.2016
Tveitakvitingen (1,299m) 03.06.2016

Ein lenge planlagt men stadig utsatt tur til Tveitakvitingen skulle nå endelig realiserast. Hadde tenkt å ta denne turen på ski og her ligger heldigvis snøen lenge men etter ein sommarvarm mai månad var eg forberedt på ein del skibering før eg kom opp til samanhengande snø.
Hadde funne ein parkeringsplass på sørsida av Rv 7 litt aust for Mødalsvegen som ikkje hadde oppslag om "Privat parkering" eller 3-sifra døgnavgift for parkering. Veit ikkje om desse avgiftene gjelder utanom sesongen, men nå slapp eg å tenka på det. Hadde med sykkel som eg brukte opp den drøyt 3 km lange Mødalsvegen som er stengt med bom. 200 hm stigning så måtte leie sykkelen mesteparten opp, men veldig greit når ein kan trille ned igjen etter endt tur.
Frå Mødal går stien vidare sørover og eg passerte nokon snøfenner før eg kom til Svartatjørna på snaut 620 moh. Litt forbi Svartatjørna bratner det til og snøen låg i den nordvendte skråninga. Tok på ski på ca 640 moh og fant derfrå samanhengande skiføre heilt til Tveitakvitingen. Var oppom Gråskovenuten og Gråfjellet på veg opp og via 1274-punktet for å få med meg meir utsikt. Kvitingen har stort topplatå som dermed stjeler utsikt til dei nærliggande områda.
Hadde vel et par timer pause på toppen og det var varmt nok til å sitja i t-skjorta på skuggesida av varden. Såg ut til å vera nokon dagar gamle fotspor i snøen opp frå austsida, men eg hadde toppen for meg sjøl denne dagen. Fant bokboks frå 2009, men boka hadde ikkje fleire namn enn at eg tok meg tid til å lese gjennom heile boka. Av kjente PB-medlemmer var det kun Knut Sverre og Astrid som hadde skreve seg inn. Litt merkelig at ikkje fleire ivrige kommunetoppsamlarer har funne boka, men den låg godt skjult inne i varden på folgefonnsida. Det var eit namn som dominerte i boka. Ei skiglad dame som har hatt rundt 20 vår- og sommarkiturar kvart år og siste skitur i fjor var 12. september!
Rant ned igjen i austsida og var då bortom Høganova og så ned igjen forbi Gråfjellet og Gråskorvenuten. Var og oppom Såta og Langavassnuten. Her var det lite snø men kunne renne fra skaret mellom desse og ned mot Svartatjørna der skiføret tok heilt slutt. Så 20 min skibering ned til Mødal der eg traff på ein kar på firhjuling så eg kom i snakk med. Han var forveten på skiføret og blei jublande glad då eg kunne fortelja om samanhengande skiføre frå 650 moh og opp til Tveitakvitingen. Då skulle han på randotur til Tveitakvitingen dagen etter. Eg kunne bare ønskje han god tur og eg skulle vidare til Voss og Grønahorgi dagen etter.

Full sommar på Kvamskogen men ennå vinterlig i høyden.
Full sommar på Kvamskogen men ennå vinterlig i høyden.
Stistart ved Mødal og Såta i bakgrunnen.
Stistart ved Mødal og Såta i bakgrunnen.
Moroa byrjar ved ein foss litt sør for Svartatjørna.
Moroa byrjar ved ein foss litt sør for Svartatjørna.
På Gråskorvenuten mot Gråfjellet og Kvitingen delvis skjult bak.
På Gråskorvenuten mot Gråfjellet og Kvitingen delvis skjult bak.
Mot Høganova.
Mot Høganova.
Utsyn over Hardangerfjorden og Folgefonna frå trigpunkt 1274.
Utsyn over Hardangerfjorden og Folgefonna frå trigpunkt 1274.
Frå det sørlige trigpunkt 1274 mot toppen av Kvitingen.
Frå det sørlige trigpunkt 1274 mot toppen av Kvitingen.
Varden på Kvitingen.
Varden på Kvitingen.
Nordvestover mot havet i det fjerne.
Nordvestover mot havet i det fjerne.
Nordnordaust mot bl.a Fuglafjellet.
Nordnordaust mot bl.a Fuglafjellet.
Nordaust. Høganova lengst t.v.
Nordaust. Høganova lengst t.v.
Trigpunktet på Høganova.
Trigpunktet på Høganova.
Mot Kvamskogen t.v. og Nordheimsund lenger bak litt t.h.
Mot Kvamskogen t.v. og Nordheimsund lenger bak litt t.h.
Tilbakeblikk mot den flotte Tveitakvitingen.
Tilbakeblikk mot den flotte Tveitakvitingen.
Bratte "stygge" fjellsider sør for Gråskorvenuten/ Gråfjellet.
Bratte "stygge" fjellsider sør for Gråskorvenuten/ Gråfjellet.
Frå Langavassnuten austover mot Vesoldo.
Frå Langavassnuten austover mot Vesoldo.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.