Middagshornet (19.06.2016)

Written by Lukken (Ole André Lukkedal)

Characteristic Hillwalk
Duration 5h 10min
Distance 7.4km
Vertical meters 934m
GPS
Ascents Middagshornet (1,090m) 19.06.2016 15:55
Visits of other PBEs Melbøsætra parkering (210m) 19.06.2016 15:55

Vakna opp til ein grå og regnfull dag, men YR hadde meldt at det skulle lette og bli bra til kvelden. Familietur vart difor planlagt. Det vil seie meg og Mette, Tiril (13), Bjørk (10), Leah (5) og Alva (2) i bæremeis.

Klokka 15.55 var vi klare til å gå frå Melbøsetra parkering, litt seinare enn ønska. Turmålet var Middagshornet som låg inntulla i tåke i lag med resten av fjelltoppane omkring. Førsteinntrykket var likevel at her har far (som vanleg) tatt litt for sterkt i når det kom til valg av familietur. Passa dog på å skjule dette godt :-).

Mette og dei tre eldste jentene klar på brua
Mette og dei tre eldste jentene klar på brua
Stien var ikkje merka, men var særs god og fulgte i starten Barstaddalselva på venstre side oppover. Nesten oppe på flata tar deler stien seg i to. Den eine går ned mot elvegjølet retning Masdalhornet, mens vi følgjer den beste opp i retning mot Middaghornet. Ved eit vatn tar vi til venstre og runder litt rundt før vi følgjer ryggen på god sti til topps.

Epilog
Turen vart veldig bra. Eg kan ikkje ta med Leah (5) på slike lange turar kvar dag, men ho takla det overraskande bra. Litt sutring i bratta opp til ryggen, men når det verkelig vert bratt og ho får klyve og klatre så er ho i sitt ess. Radio Alva på ryggen syns det er storstas på tur, men vert litt fornærma på at ikkje ho får gå, springe eller klatre som ho gav klart uttrykk for. Elles kunne Alva fortelle at ho både elska sau, likte tre og ville helst at pappa skulle springe i full fart. Det var litt leit at Molladalstindane låg bada i tåke heile tida. Hadde lyst å vise fram dei til jentene, men det får bli ein annan gong.
Frå utstikker litt søraust for toppen
Frå utstikker litt søraust for toppen

User comments

  • -
    avatar

    Godt å se

    Written by mortenh 20.06.2016 12:54

    Godt å se supergirlsa Bjørk og Tiril mfl. i aksjon. Litt sein turstart på en søndag. Lange søndagsfrokoster der i huset?

    • -
      avatar

      Sv: Godt å se

      Written by Lukken 20.06.2016 13:10

      Takk Morten. Blei litt seint ja. Prøvde å tilpasse oss Sunnmørsvêr :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.