Molde: Langåsen og Bjerkalia (17.06.2016)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Solemdal/Mauset
Characteristic Hike
Duration 1h 39min
Distance 7.7km
Vertical meters 430m
Map
Ascents Langåsen (288m) 17.06.2016
Langåsen (289m) 17.06.2016
Fin tursti over Langåsen.
Fin tursti over Langåsen.

Tur 1. Parkerte i Solemdal der skogsveien startar. Plass til eit par bilar der. No er det ikkje lurt å blokkere for innkjøyring til skogsveiar, men i dette tilfellet såg det ut som det var årevis sidan sist den var brukt. Fulgte skogsveien til endes, tørrt og fint å gå. Her var det kasse og bok for Langåsen, altså langt unna høgaste punkt. Tok av til høgre rett etter postkassa på svak sti over myra, vidare på sti vestover heile Langåsen til høgste punkt. Kryssa ei myr til rett før toppen der stien ikkje var synleg, men så snart ein kom bort på neste rygg var den der igjen. Lett og fin tur i joggesko.

Kasse med bok og benk på Bjerkalia.
Kasse med bok og benk på Bjerkalia.

Tur 2. Det går rykter i tindesamlarmiljøet om ruta opp frå Mauset. Det er det ingen grunn til, om du leitar finn du merka rute opp her. Parkerte ca 100 m vest for der skogsveien startar, der ein veg går ned mot sjøen. God plass til bilar der. Parkering der skogsvegen startar er ein sånn plass med ved og maskiner, likar ikkje å bruke slike i tilfelle eigaren har noko arbeid der eller hissar seg opp. Så gjekk eg oppover skogsveien eit stykke og tok av på det som ligna eit svakt trakk. Det runda kjappt vestover og kom ettekvart i overkant av eit granfelt. Det dukka og opp måling, nokre gule og nokre blå. Enkelt til topps på Bjerkalia. På returen såg eg litt på klokka. Stabla nokre steinar der stien startar, kan kanskje kalle det ein liten varde. Så målte eg ca 290-300 meter ned til hovudvegen. Lett tur i tørrt og fint terreng.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.