Eit fint løpsfjell (15.06.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Berg (335m)
Endpoint Berg (335m)
Characteristic Jogging
Duration 1h 36min
Distance 12.0km
Vertical meters 808m
Map
Ascents Tindefjellet (1,083m) 15.06.2016

Fin løpstur etter jobb, litt stillestående varmt var det oppover med 25 grader pluss! Men det er bagateller...
Dette er den finaste ruta opp til Tindefjellet og ein favoritt for ein løpstur synast eg. Denne dalen med støylane og dei fine sandmorene oppunder fjellet er berre nydeleg om sommaren. Sandmorene har også eit irande grønt skjær av frodig gras og ein flott sti som slynger seg oppover. Den starter med passeleg stigning på skogsbilveg og går vidare over til slakk sti innover dalen og støylane. Då har ein fått oppvarminga, deretter startar noko brattere kupert stigning som tilslutt går over til litt tøffare bratte! Denne turen må berre prøvast :) Skal legge inn Gps logg på ruta ved neste tur.

Fjelltrimpost på Tindefjellet i år!
Fjelltrimpost på Tindefjellet i år!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.