Kyrkjetaket 1439 og Kjøvskartinden 1552 Romsdalstopper (11.06.2016)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Kavliheian (459m)
Endpoint Kavliheian (451m)
Characteristic Hike
Distance 17.4km
Vertical meters 2,104m
GPS
Ascents Kjøvskartinden (1,552m) 11.06.2016
Kyrkjetaket (1,439m) 11.06.2016
Storaksla (626m) 11.06.2016

Kyrkjetaket og Kjøvskartinden er toppar som eg har tenkt på ei stund. Det er populære skitoppar, men eg er då mest glad i å utforske toppane med joggesko!! Dette var rein impulstur og dei blir alltid bra :) Nydeleg vær var det og toppar som har vore tenkt ei stund. Allikevel hadde eg ikkje lese meg opp eller hadde kart for området, bortsett ifrå Gps. som då er ein fantastisk ting og eit fast turfølge. Ellers synast eg det kjekkaste er å følge sine eigne veivalg, lese og vurdere terrenget utifrå sine vurderingar og erfaringar. Ingen å sjå i fjella denne dagen, det var blikk stille og varmt på toppane! Denne turen, utsikta, været og den totale stilla åleine... tenker eg er den finaste turen i år. Ganske greit å gå desse toppane ifrå Kavlisetra, herifrå er det ikkje turmerka. Den T merka stien startar lengre nede og sikkert via Steinberget og den lange ryggen opp til Kyrkjetaket. Audiens med hesten og sjefen i dalen mot siste topp Kavliheian/Aksla....gjekk så vidt gjennom!! Han hadde bestemt seg for å studere meg litt på nærmare hald, eg prøvde virkelig å snike meg unna!! Eit forsiktig hels og eg fekk då heldigvis passere til siste topp! Desse fjella skal ha sitt besøk på vinter og ski også.

Markante stortoppar som Venjetind og Romsdalshorn
Markante stortoppar som Venjetind og Romsdalshorn
Ifrå Kavlisetra mot Gjuratinden og Nyheitinden
Ifrå Kavlisetra mot Gjuratinden og Nyheitinden
Ifrå foten på Kyrkjetaket og ned mot Kavlisetra og Kavliheian
Ifrå foten på Kyrkjetaket og ned mot Kavlisetra og Kavliheian
Lykke tenker eg!!
Lykke tenker eg!!
Varden på Kyrkjetaket 1439 moh
Varden på Kyrkjetaket 1439 moh
Ifrå Kyrkjetaket 1439 moh mot neste toppmål på turen Kjøvskartinden 1552 moh
Ifrå Kyrkjetaket 1439 moh mot neste toppmål på turen Kjøvskartinden 1552 moh
Ifrå Kyrkjetaket 1439 moh
Ifrå Kyrkjetaket 1439 moh
Ifrå Kyrkjetaket 1439 moh mot Isfjorden
Ifrå Kyrkjetaket 1439 moh mot Isfjorden
Ein liten beinstrekk og matpause må til før toppen på Kjøvskartinden...Livet er ganske digg :)
Ein liten beinstrekk og matpause må til før toppen på Kjøvskartinden...Livet er ganske digg :)
Ifrå Kjøvskartinden mot markante flotte Kyrkjetaket og Klauva
Ifrå Kjøvskartinden mot markante flotte Kyrkjetaket og Klauva
Ifrå Kjøvskartinden
Ifrå Kjøvskartinden
Ifrå Kjøvskartinden
Ifrå Kjøvskartinden
Ifrå Kjøvskartinden
Ifrå Kjøvskartinden
Ifrå Kjøvskartinden mot Kyrkjetaket og Isfjorden
Ifrå Kjøvskartinden mot Kyrkjetaket og Isfjorden
Vakker blomstringstid no av Issoleie
Vakker blomstringstid no av Issoleie
På veg til siste topp Kavliheian og til siste hindring.... !!
På veg til siste topp Kavliheian og til siste hindring.... !!
Dette var sjefen....
Dette var sjefen....
Kavliheian
Kavliheian
Ifrå siste topp Kavliheian mot dagens nydelege turmål Kyrkjetaket og Kjøvskartinden
Ifrå siste topp Kavliheian mot dagens nydelege turmål Kyrkjetaket og Kjøvskartinden
Gjennomført og tilrettelagt er turmåla i Romsdalsfjell...Flott turbok og ikkje så aller verst slagord for Rauma Kommune
Gjennomført og tilrettelagt er turmåla i Romsdalsfjell...Flott turbok og ikkje så aller verst slagord for Rauma Kommune

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Irva 16.06.2016 20:54

    Sprek dame i fint område. Nydelege bilder Janne.

  • -
    avatar

    Fint!

    Written by JPV100 15.06.2016 23:00

    Her var mange flotte bilder av bakgården min! :) Tenk at no foreligg det planar om opp mot 800 hytter i området, og skitrekk opp til Steinberget....

    PS: siste bildet, det heiter Rauma kommune ;)

    • -
      avatar

      Sv: Fint!

      Written by Eikås 15.06.2016 23:43

      Då har eg foretatt umiddelbare rettskrivingar og info ifrå to lokale "heltar" ;) :) Det er berre ein ting å seie at dåke har ein vanvittig rå og spesiell natur. Eg har sett forslaga og det kan då ikkje være mulig å foreslå noko sånt!!! Sjølv om eg veit...vi slit med samme arroganse i vår kommune. Enkelte tenker berre penger, profitt og navnet sitt i historiebøkene og ikkje på den dyrbare skatten av natur vi burde skjerme for overgrep!!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Fint!

        Written by Øyvindbr 16.06.2016 09:49
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.