Romsdalsraid dag 5: Ringshornet - ny slushfest! (07.06.2016)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Map
Ascents Ringshornet (1,533m) 07.06.2016
Søre Småholtinden (1,473m) 07.06.2016
Visits of other PBEs Slettvikane parkering (715m) 07.06.2016

Siste dag på den etter kvart så svært ovale Romsdalsweekenden hadde eg gått tom for gangbare skiturar i FriFlyt-boka. Eg kika litt på Peaker'n og fann ut at Ringshornet kunne vere ein grei tur. Litt skibæring i byrjinga, så opp fonner til det flata ut, så fin stigning opp mot sadelen mellom hovedtoppen og norvest-toppen. Veldig fin stigning og fine forhold, men meir skyer i dag. Vengetind hadde fått hue, så då var det væromslag på veg. Likevel framleis fin temperatur.

Eg såg ein skikkelse lenger inne, og denne karen møtte eg rett før nordvest-toppen. Han hadde vore på Alnestinden Vesttoppen og Sørvest-for. Her lukta eg ei lunte, og ganske riktig var dette ein peakbookar: Jan Arne (janyga (Jan Arne Nygaard)). Vi samla Nordvesttoppen før vi sklei mot den flotte hovedtoppen.

Ringshornet sett frå nordvest-toppen
Ringshornet sett frå nordvest-toppen

Raskt og greit opp her, men no byrja det å legge seg skodde på toppane rundt. Dette likte eg ikkje, og hoppa raskt i gore-tex-bunaden.

Ringshornet har ein flott nordvest-flanke der ein kan velge brattheit i topphenget ved å trekke mot høgre. Lenger nede vart den mindre bratt, så ein fin stad å teste seg. Forholda var nydelige, så eg prøvde meg på linja lengst mot topphamrane, kanskje litt over 40 grader. Det vart nokon slalomsvingar i toppen, men heilt uproblematisk. Derifrå var veldig artig med 30-40 grader ned til flata, og derifrå nydelig køyring ned til lyngen. Nok ein knalltur!

Linja mi til høgre for topphammaren og mellom bergnabbane
Linja mi til høgre for topphammaren og mellom bergnabbane
Fin topp!
Fin topp!

I det eg kom til bilen lukka skodda seg over toppane, som for å seie at det var nok for denne gong. Eg hoppa i bilen og køyrde mot Trondheimen, full av inntrykk frå Noregs Tyrol!

På Oppdal serverte dei nydelig blodpølse. Dette kunne dei! Spurte ein så fekk ein rømme også.
På Oppdal serverte dei nydelig blodpølse. Dette kunne dei! Spurte ein så fekk ein rømme også.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.